Musikk
Fredeleg og luftig
Musikken til Christian Wallumrød kan minna om alt frå mini-malisme til country og har eit originalt, truverdig uttrykk.
Christian Wallumrød på Kongsberg Jazzfestival i 2018.
Foto: Tore Sætre / Wikimedia Commons
Christian Wallumrød (f. 1971) har lenge vore mellom våre fremste pianistar med bakgrunn frå moderne jazz. Han står bak ei rekke utgjevingar som solist, ensembleleiar og medlem av improvisasjonsgruppa Dans les arbres. Dei fleste er utgjevne av velrenommerte plateselskap som ECM og Hubro.
I løpet av dei 50 minuttane Percolation varer, presenterer Wallumrød ti komposisjonar der dei fleste er bygde opp rundt eit lite, enkelt motiv – varsamt og utan store kontrastar. Det er òg mykje luft mellom lydane, og det kviler ei fredeleg stemning over musikken.
Improvisatør
Wallumrød er ein dyktig improvisator, men medan mykje improvisasjon handlar om å utvikla ein melodi, eit tema eller ein idé i mange retningar, og gjerne med eit ekspressivt og virtuost uttrykk, er det sjølvdisiplin og kompositorisk tenking som pregar spelet på Percolation.
Ofte er det berre nokre få tonar som skal til for å gje assosiasjonar til særskilde stilartar. Måten ein utfører føreslag og handsaming av dissonansar på, tener ofte som effektive signal. Wallumrød nyttar denne assosiasjonsmetoden heile tida: Opningssporet «Marrowing» får meg til å tenka på norsk slåttespel, «Ny gitar» kunne vore ein countryprega popballade, og «Higher Than Your Gluteus» minner om boogie-woogie.
Dessutan er det ofte element som minner om minimalisme, og ein høyrer lett at Wallumrød har bakgrunn frå jazz og liknande musikkformer.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.