Franske forteljingarLaurent Cantet skildrar samtida med smarte samtalar.DRAMARegi: Laurent CantetThe Workshop (Orig.tittel: L’atelier)
Laurent Cantet skildrar samtida med smarte samtalar.
Sju franske ungdommar prøver å skrive ein kriminalroman saman i den nyaste filmen til Laurent Cantet.
Foto: Jerome Prebois / Storytelling Media
Den kjende forfattaren Olivia (Foís) leier ein sommarskule der unge utan arbeid skal skrive ein krimroman saman. Gjengen på sju er variert. Skriveverkstaden er basert på samtalar som stundom sklir ut i kranglar med distansert aggressive Antoine (Lucci) i sentrum. Eit spel med dragnad og frykt utviklar seg mellom han og rettleiaren.
Frankrike i dag
Debatten om kva historie dei vil fortelje, speglar kampen om kva stemmer som dominerer i Frankrikes forteljingar i dag. At filmen sirklar rundt slike samtalar, gjev eit metaaspekt fransk film har sterke tradisjonar for. Plassen fiksjonen har i røynda og røynda i fiksjonen, er sentrale tema. Diskusjonen om motiv for mord i ein roman handlar òg om kven som kan ty til vald når vona svinn.
Den gamle verftsbyen La Ciotat aust for Marseille gjev postindustrielle rammer. Klipp frå betre tider står i kontrast til konfliktar og uvisse i våre dagar. Arbeidsløyse, rasisme, terror, franske identitetar og høgrepopulisme siv snart til overflata. Gruppa er sett saman for å få fram ulike synspunkt i dagens Frankrike. Typane er kjende, men heldigvis unngår realisten Laurent Cantet kleine karikaturar. At Antoine leflar med rasisme, spelar valdelege dataspel, er kroppsfiksert og har høgreorienterte vener, kan høyrast ut som ein sjablong, men figuren er ikkje dum, og dynamikken mellom han og Olivia er intens. Marina Foís og Matthieu Lucci spelar godt.
Cantet kan
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.