Franske bygge klossarEin ny kaklande komedie teiknar eit blast bilete av Frankrike.KomedieRegi: Olivier Nakache og Eric Toledano
Ein ny kaklande komedie teiknar eit blast bilete av Frankrike.
Kunden krev at servitørane må gå i livré frå 1600-talet når dei serverer i bryllaupet.
Foto: Thibault Grabherr / Another World Entertaintment Norway
Max (Bacri) driv eit selskap som arrangerer bryllaup i Paris. Med Adèle (Haidara) i front for troppane skal han stelle i stand bryllaupsfest for 200 fintfolk i eit slott utanfor byen. Kunden krev servitørar i lakeikostyme frå 1600-talet. Forviklingar følger.
Kakofoni
Den usmakelege brudgomen vil ha alt sobert, stilig og elegant, i skarp kontrast til filmen. Vitsane er vasne. Slitne sketsjar om stavekontroll på smarttelefonar og ein lat lærar som lirar av seg lingvistisk flisespikkeri og uro over framtida for sirkumfleks-aksenten, speglar nye tider på traust vis. Mor har samla slagerar på ein kassett. Ein kassett! Filmmeldarar i papiraviser anno 2018 ler ikkje av slikt. Den eldre garde ber om chansons av Patachou og Leo Ferrè, medan vokalvikaren James syng Eros Ramazzotti.
Praten går i eitt sett, mana fram av trommekvervlar i høgt tempo. Maset gjer publikum andpustne. Det slit meg ut. Ein skal liksom le av den uendeleg lange talen til brudgomen, men det slår meg at same problem plagar filmen. Festen er krydra med romansar som ligg mellom å vere likesæle og irriterande.
Frankofoni
I publikumssuksessen De urørlige stolte regissørduoen Olivier Nakache og Eric Toledano med hell på sjarmen til Omar Sy. I C’est la vie! har Eye Haidara ei herleg kraft, og fleire andre av dei tallause figurane er solide skodespelarar, men dei druknar, nett som temaet. Hardt svart arbeid, late dustar og arrogant aristokrati er på menyen. Vi ser kva som skjer på bakrommet når den franske overklassen festar. Historia verkar meint å samle landet gjennom minste felles multiplum. Moralen er at alle bitar bidreg, tilpassar seg og kjem unna med æra.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.