Musikk

Fransk eleganse

Oslo Kammerakademis medlemer er virtuosar kvar for seg.

Blåseensemblet Oslo Kammerakademi nyttar historiske messinginstrument i musikken frå 1700- og 1800-talet.
Blåseensemblet Oslo Kammerakademi nyttar historiske messinginstrument i musikken frå 1700- og 1800-talet.
Publisert

«Harmonimusikk», kallar me blåseinstrumentensembla med kring åtte musikarar som blei populære i Wien i 1770-åra, der dei forsynte adel og høgborgarskap med taffelmusikk og friluftskonsertar. Ofte var repertoaret omarbeidingar av verk for andre besetningar. Oslo Kammerakademi, som nyttar historiske messinginstrument i musikken frå 1700- og 1800-talet, har spelt inn slike harmonimusikkarrangement før: Beethovens sjuande symfoni på Beethoven for Wind Octet ( 2012) og delar av Mozart-operaen La clemenza di TitoMozart for Wind Octet (2017).

Charles Gounod

Chansons et danses er namnet på det nyaste albumet deira, der me får fransk kammermusikk for blåsarar frå tiåra før og etter 1900 som står i framhaldet av den gamle harmonimusikktradisjonen. Fleire av komposisjonane er nok ukjende også for andre enn meg. Det er difor leitt at teksten i omslagsheftet ikkje skildrar sjølve verka, men berre listar opp historisk-biografiske fakta.

Mest kjend er nok Charles Gounods (1818–1893) Petite symphonie, op. 216 (1885). Denne nonetten (for ni blåsarar) byr på liten motstand for lyttaren. Her er noko av elegansen til Mozart og munterheita til den unge Beethoven. Dei songlege temaa blir utvikla friksjonslaust – i mangel på betre ord kan me kalla dette «klangmusikk», for når det gjeld klang, er Gounod ein sann meister.

Melodiane er derimot tidvis temmeleg preglause. Den livfulle tredjesatsen «Scherzo. Allegro moderato» vekkjer assosiasjonar til eit muntert jaktlag på 1700-talet, med hestar og jakthorn og det heile. Det er i grunnen noko nostalgisk ved stykket, litt som kjensla eg får når eg ser svartkvittbilete frå gamle oppsetjingar av Holberg-komediar, der barokkparykkane er for pertentlege og kostyma for strigla.

Koechlin og d’Indy

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement