Musikk

Frankofil elan

L’arpa festante spelar best der det går fort.

L’arpa festante blei grunnlagt i München i 1983.
L’arpa festante blei grunnlagt i München i 1983.
Publisert

L’arpa festante er eit produktivt barokkorkester med over 50 albumutgjevingar. I år kjem to nye. Den fyrste, med tyske hornkonsertar frå tidleg 1700-tal, blei meld i Dag og Tid førre veke. Hornet som orkesterinstrument var ein kulturimport frå det franske hoffet, og her ligg tangeringspunktet med den andre plata, eit dobbeltalbum med det kansellistilaktige namnet Musico-Instrumentalische Gemüths
-Lust.

Tittelen – «Instrumental­musikalsk lynneslyst» på norsk – er namnet på ei orkestersuitesamling i fransk stil av Johann Abraham Schmikerer (1682–1762). Livet hans veit me lite om, bortsett frå at han var frå Augsburg i Bayern, der han var styrar for Fuggerei. Dette eldste sosiale bustadprosjektet i verda som enno er i drift, blei stifta av den rike bankierslekta Fugger i 1521. Framleis kan trengande augsburgarar bu der – til ei årsleige på 88 cent, mot at dei éin gong om dagen seier truvedkjenninga og ber fadervår og ave-maria for stiftarane.

Versailles-feber

Schmikerers orkestersuitar blei prenta i 1712, i ei tid då store og små tyske fyrstar la all si ære i å etterlikna hoffkulturen til «solkongen» Ludvig XIV i Versailles. Dei bygde seg «mini-versailles-ar» med hagar, statuar og fontener, dei konverserte på fransk, kledde seg fransk, åt fransk, hyrte franske orkestermusikarar – og dansa franske hoffdansar.

Kvar av Schmikerers sju orkestersuitar har sju slike stiliserte dansesatsar. Om me skal vera heilt korrekte, talar me her om «ouverturesuitar». Kvar dansesuite opnar nemleg med den særeigne typen ouverture som franske operaar og ballettar alltid har. Hjå Schmikerer er ouverturane todelte: fyrst eit roleg parti i staseleg punkterte rytmar (spelt når fyrsten steig inn i salen), så ein snøgg, fugeaktig del (spelt etter at han hadde sett seg).

Denne importerte musikkforma blei ein så integrert del av tysk og austerriksk musikkliv at me kan tala om særs vellukka kulturell appropriasjon. Både Händel og J.S. Bach komponerte mange av slaget, men rekorden held Telemann, med mange hundre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement