Framand i FinlandStilsikre Aki Kaurismäki har brodd og humor.DRAMARegi: Aki KaurismäkiDen andre av håpet (
Stilsikre Aki Kaurismäki har brodd og humor.
Wikström (Kuosmanen) går frå kona, sluttar i jobben, vinn i poker og kjøper ei kneipe.
Foto: Malla Hukkanen / Arthaus
Wikström (Kuosmanen) går frå kona og sluttar i skjorteseljarjobben. Så vinn han i poker og kjøper ei sliten kneipe som sel øl, sild og andre erkefinske rettar. Khaled (Haji) frå Aleppo i Syria kjem i land i løynd i kollasten til fraktskipet «Eira», og søkjer asyl. Han møter irakiske Mazdak (Al-Bazoon) på mottaket, og dei to freistar finne systera til Khaled, som forsvann på ferda gjennom Europa. Velkomsten i dei tusen sjøars land er så som så, men det finst eit og anna ljos i skumringa.
Klassisk Kaurismäki
Er du kjend med regissøren Aki Kaurismäki, byd ikkje Den andre siden av håpet på store overraskingar. Stilen er som før. Folk er tause. Det går treigt. Tolmod er som kjent ei dygd. Alle andlet er gravalvorlege. Det stiliserte trumfar realisme. Den stillferdig absurde humoren er til å kjenne igjen. Smålåten situasjonskomikk ber stor humor, og skeive smil sit laust.
Ei mengd kjende og kjære andlet frå tidlegare filmar av den finske meisteren dukkar opp. Det er flust i flotte fjes. Hangen til å snike inn minneverdige musikkstykke held seg òg i hevd. Restauranten til Wikström er av typen ingen film av Kaurismäki kan mangla. Den tradisjonelle vassholet har klassisk neonljos, herja husband og røykande kokk som heller opnar hermetikk enn å fjonge seg med sushi.
Nostalgisk notid
Tematikken er brennaktuell og fører vidare engasjementet for flyktningar frå Le Havre (2011). Asylpolitikken får sine stikk når staten slår fast at Aleppo er ein trygg stad rett før bomberegnet brakar laus. Rasistisk motivert vald frå ytre høgre trugar, men solidariteten treng ikkje å sitje så langt inne. Filmskaparen er framandgjord, men ein finn fine finnar i filmuniverset hans.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.