Kunst
Fram i lyset
Reidar Lødemel: «Ytterdal», 1990.
I samband med at målaren Reidar Lødemel (1922–2009) ville ha fylt hundre år i år, er det laga ei stor minneutstilling som vart vist i Ørsta kunsthus i mai, i regi av Volda og Ørsta kunstlag. Det vart også skrive ei rikt illustrert bok utgitt av Hovdebygda soge- og velferdslag. Både utstilling og boka Eit liv i fargar gir eit godt innblikk i temakrets og den måleriske utviklinga gjennom eit langt kunstnarliv.
Med unntak av eitt semester med målarutdanning i Oslo levde Lødemel heile livet i Ørsta. Han måla landskap, tun og kulturhistoriske bygningar, helst frå Sunnmøre og Nordfjord. Det var hardt å slå igjennom som kunstnar i etterkrigstida, han vart heller aldri kunstmålar på fulltid. Dette arbeidet kom i tillegg til familie og jobb, først i industrien og seinare som formingslærar.
Likevel er måleria avanserte, komposisjonen sit godt og dei friske fargane utfordrar auga. Lødemel er eit av desse overskotsmenneska som spenner vidt: Han hadde fleire verv, heldt kurs, dreiv med rosemåling. Det er så fint å ha slike menneske i bakhovudet når ein sjølv kjem trøytt heim frå jobb og berre har lyst til å krølle seg saman i sofaen.
Sjølv om Lødemel stilte flittig ut gjennom livet, stod han i fare for å bli gløymd. Han sende ikkje verk inn til større utstillingar som Haustutstillinga og Vestlandsutstillinga, og vart såleis aldri innkjøpt av dei større musea. Denne boka er også den første publikasjonen som er laga om han.
Dess viktigare er det at familie og venner gjorde den enorme jobben som skal til for å samle dokumentasjon om kunstnaren, og ikkje minst leite fram dei mange verka som måtte sporast opp i private heimar. No er verka fotograferte og bevarte i bokform, saman med omfattande tekstar om kunstnaren, så vel kunstfaglege vurderingar som anekdotar frå menneske som kjende han.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.