Bok
Fram frå gløymsla
Forfattaren kunne ha hjelpt oss meir, men det materialet han legg fram, kan lesaren setje saman til eit bilete av ein statsmann og føregangsmann.
Gunnar Knudsen var statsminister i åra 1908–1910 og 1913–1920.
Foto via Nasjonalbibiloteket
Gunnar Knudsen (1848–1928) er eit namn alle kjenner. Han var ein gong Noregs statsminister. Frå Venstre. Dei fleste vil ha problem med å hugse meir enn dette, vil eg tru. Han har ikkje etterlate seg eit tydeleg bilete på same måte som Christian Michelsen eller Johan Sverdrup, og ikkje har han som dei fått namnet sitt knytt til ei stor sak som unionsoppløysinga eller innføringa av parlamentarismen.
Men ser vi på kva Gunnar Knudsen faktisk gjorde i si levetid, oppdagar vi at han var føregangsmann på svært mange område. Som skipsreiar var han pioner for omlegging frå segl til damp. Han var blant dei fyrste industrigründerane som byrja med treforedling. Han bygde det fyrste private elektrisitetsverket i Noreg og var ein av dei fyrste som skjøna kva elektrisiteten ville kunne ha å seie for landet.
På politikkens område var han ein iherdig og uthaldande talsmann for betring av vilkåra til arbeidarane, og han fekk gjennomført store og viktige reformer som fabrikktilsyn, forbod mot barnearbeid, tvungen ulukkestrygd og sjuketrygd, normalarbeidsdag og meir til.
Med stødig ro styrte han Noreg gjennom fyrste verdskrigen i ein vanskeleg balanse mellom dei krigførande.
I stort og smått
Det var difor med stor forventing eg opna den nye biografien om Gunnar Knudsen – Statsmannen – som Per E. Hem har skrive. Forfattaren har gjort eit imponerande arbeid med kjeldematerialet. Knudsen sjølv etterlét seg eit omfattande arkiv, som Hem har saumfare, i tillegg til omfattande søk i trykte kjelder, i lokalpresse og riksaviser over meir enn 40 år.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.