Bok

Frå vondt til verre enn verst

Leander Djønne skriv godt, men for einsidig, om det vonde.

Leander Djønne fekk Oktoberprisen 2025, ein pris som går til ein ung forfattar som har utvist særleg litterært mot.
Publisert Sist oppdatert

Du drep ikkje det vonde med øks, men øksa bit på det gode. I den nye romanen til Leander Djønne hopar vondskapen seg opp i nokre personar, stundom væpna just med øks.

Den første figuren me møter, er i ei steinur, men det syner seg at dette ikkje er eit menneske, men ein jerv, ei tispe, som tenkjer som eit menneske, med menneskelege omgrep og tankar att og fram i tida. Det er jo slett ikkje umogleg å få slikt til i skrift, men då gjerne med meir sansing enn refleksjon, meir i augneblinken enn det Djønne her har gjort, med eit språk som skil seg ut på eit eller anna vis.

Frå innsida

Snart er me inne i eit anna sinn, hjå guten Våle, som er i gravferda til mor og far. Dei omkom i ei bilulukke. Med seg har han den sterkt funksjonshemma tvillingsystera Rind, og dei er i gravferda i lag med besta og besten. Besten heiter Vreide, og mykje tyder på at foreldra var framsynte ved dåpen, for ein surare, meir sinna og valdeleg gubbe er det ikkje råd å tenkja seg. Rind og Våle skal no bu hjå besta og besten.

Hjå besteforeldra får dei to ungane det forferdeleg, det vert berre verre og verre, før det vert verst og grotesk mishandling endar med drap, knusing og brann.

Alle dei impliserte i hendingane kjem til orde, me får sjå dei frå innsida, og litt etter litt kjem det fram nokre viktige opplysningar om bakgrunnen deira. Det kan sjå ut som om mødrene attover i tida har vore terminalar for vidareføring av ein mannleg person, ein jævel som kjem til verda om att og om att, prikk lik den førre utgåva, i ein stafett av vondskap, vald og banning, alltid som tvilling, der den eine fell frå tidleg. Unnataket er kan hende Våle og Rind. I norrøn mytologi var Rind mor til Våle, og kanskje vert Rind ei slags mor for Våle, for på grunn av tilstanden hennar lyt han finna fram det mjuke og kjærlege i seg. Han vert oppseda av pliktkjensla, og inni seg høyrer han orda hennar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement