Kunst
Frå tannlegegips til sovepose
Det er vanskeleg å setje ord på kor gledeleg det er å få lov til å bli kjend med eit så spennande kunstnarskap som eg knapt visste noko om.
Hege Lønne: «Utstillingsinteriør». Både den lange gipsskulpturen og videoverket «Forest» er frå 2008. Til høgre heng installasjonen «Landskap med sovepose» frå 1995. I framgrunnen skimtar vi måleriet «Himmelrop» av Hannah Ryggen.
Foto: Susann Jamtøy/TKM
Det er lenge mellom kvar gong eit museum vågar seg på å løfte fram ukjende kunstnarar med ei så omfattande separatutstilling. Hege Lønne er også ein eigenarta kunstnar som verkeleg fortener større plass på den norske kunstscena.
På toppen av ei kvitmåla hylle ligg ein samanrulla sovepose. Det glatte syntetiske stoffet har ein klår blåfarge, fôret på innsida er oransje. Synet er uventa, det er eigentleg ganske forvirrande å møte ein slik gjenstand her. Turutstyr er slikt som vert gøymt i boda fram til bruk.
Til venstre for verket heng ei likeins hylle. På toppen av den er det plassert ei låg form i lyst og glattpolert metall. Den boga overflata minner om eit landskap i miniatyr. Det er sannsynleg at soveposen og gipsfiguren skal sjåast som eitt. Då kan det jo handle om måten vi tilnærmar oss naturen på. Det er noko kroppsleg over posen, han skal omhylle oss, som eit ekstra, industrielt framstilt hudlag som er vorte heilt naudsynt for den som skal greie ei natt i det fri. Når eg står framfor dette verket, føler eg meg underleg nok framandgjord for naturen.
Det er i det heile slett ikkje enkelt å forstå kva kunstnaren vil fram til med verka sine, samstundes som dei grip meg sterkt. Såleis vert eg pressa til å sanse meir enn å tenke. Det kjennest overraskande frigjerande.
Verka er så framandarta at det krev tid før eg klarar å trenge inn i dei. Når ein går frå objekt til objekt, oppdagar ein fleire underlege, skulpturelle former. Nokre minner om finnen på ein kval, dei er måla blå. Andre er forma som lubne skyer, og er forsynte med bein, eller så stikk glatte stolpar opp frå kuperte underlag.
Sterkast inntrykk gjer dei svære landskapskroppane, så sanseleg skulpturerte og plasserte på smale soklar. Kunstnaren har laga eit hòl gjennom det eine verket, såleis at ein kan sjå tvers igjennom den langstrekte forma. Desse skulpturane er laga av tannlegegips, som er særleg hard, og god å skjere i. Lønne støyper verka sine i fleire omgangar, slik at ho får fram ein vakker, marmoraktig utsjånad. Berre overflatene til objekta er vel verde turen for å sjå utstillinga.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.