Bok
Frå pandemi til poesi
Truls Horvei er blant dei få lyrikarane her i landet som skriv haikudikt.
Noen gram stillhet er delt i fire delar. Første delen omhandlar diktarens oppleving og tolking av ulike sider av pandemien. Andre avdeling inneheld meta- og haikudikt, medan alle dikta i del tre byrjar med «En dag». Fjerde og siste bolken er sett saman av ulike dikt. Trass i ulike dikt er samlinga motivmessig knytt saman ved at det første og nest siste diktet i boka handlar om farens bortgang.
Musikalsk biletspråk
«Noe program som forfatter har jeg ikke, bortsett fra at jeg ønsker å løfte på hverdagene, spre noen metaforer og bilder og drysse mild melankoli til leserne», har Horvei uttalt. I Noen gram stillhet gjer han nettopp det. Både den knappe forma til haikudikta, det musikalske bildespråket og melankolien finn vi att i mange dikt i denne samlinga.
Men vi finn òg lengre prosalyriske tekstar. Som hjå surrealistiske forfattarar nærmar lyrikk og prosa seg kvarandre i mange av tekstane til Horvei. Andre dikt kan ha eit episk preg, men er likevel prosalyriske på grunn av bruken av lyriske verkemiddel. Originaliteten i bildespråket, dei treffande observasjonane og tolkinga av tilværet gjer Noen gram stillhet til Horvei si beste diktsamling så langt.
Mange dikt har sentral-
lyriske motiv. Diktsamlinga opnar med eit dikt om gravferda til faren, om sorga og saknet etter han. «Denne aprildagen går vi inn i/ der sorgen ligger under og over/ hverdagene, verden er nesten/ nedstengt …» «…men det går over, det går/ over en dag i den skjøre/ framtiden.
Alt er endra. «Stillhet» vert ei negativt ord. Skrivinga vert terapi: «jeg driver og ordlegger tilværelsen min/ mens du går toppturer/ for å komme i balanse med deg selv.» Kontrasten mellom mørke og lys er gjennomgåande i desse dikta. Horvei er ingen melankolikar. Lyset, håpet vinn til slutt: «Hvem vil være i mørket når det finst en lysbryter?»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.