Bok
Frå kriminalromanar til rein poesi
Vidar Sundstøls korttekstar undersøker grensene for sjølvet og språket.
Vidar Sundstøl slo gjennom med første boka i Minnesota-trilogien og fekk Rivertonprisen i 2008.
Foto: Paal Audestad
«(…) enda et mislykket forsøk på å sette neglene i virkeligheten, den glatte, unnvikende kødden som truer med å skli ut gjennom vinduer og dører, inn under huset vårt, og omgjøre det til en luftputebåt som kjører av sted med kursen satt for en verden ingen av oss aner hva inneholder.»
Slike prosalyriske avsnitt er det mange av i Sundstøls bok. Boka har fått merkelappen «roman», og ho fungerer som ei samanhengande forteljing, men teksten er bygd opp av korte tekster med stor poetisk kraft.
Den tidlegare krimforfattaren har sjølv hevda at han har gått lei av ein sjanger der plottet tar nesten all plass i den skapande prosessen. Det skal vi vere glade for, og han må gjerne gå vidare på den litterært sett meir utfordrande vegen som Hullet han krøp ut av viser at han beherskar.
Ein mystisk trekant
Vi er i eit mørkt og upersonleg landskap, der det innimellom er vanskeleg å skilje mellom det draumeaktige og det realistiske. Det er eit eg utan namn som fører ordet. Han lever med «kvinnen», og dei har eit barn saman som blir kalla nett det – «barnet» eller «gutten». Andre personar er «legen», «terapeuten» og «pedagogisk personale».
I tillegg er det enda ein figur som blir stadig tydelegare og meir påtrengande utetter i forteljinga. Denne skapningen byrjar som eit minne og ein dimensjon, men manifesterer seg til slutt i rommet – om enn kanskje berre merkbar for forteljaren. Det er ei tidlegare utgåve av hovudpersonen vi møter, den han var i eit lykkelegare og i alle fall meir produktivt og dynamisk liv enn det livet han no lever, då det meste verkar å ha gått i stå. Med denne ekstra mannlege skapningen får vi ein slags mystisk trekant. Her er rom for fleire tolkingar. Kanskje handlar det om at hovudpersonen må møte sitt tidlegare eg, slik Inger Hagerup seier det i diktet «Alt er så nær meg»:
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.