Musikk
Frå Frans av Assisi til AC/DC
Haustens plater frå Strand of Oaks og The Felice Brothers er medvitne om rotfesta dei har i tradisjonen.
Timothy Showalter syng om John Prine på det nyaste albumet til Strand of Oaks.
Pressefoto
Rock
Kven er denne John som Timothy Showalter syng om på «Somewhere in Chicago», ein av songane på det ferske Strand of Oaks-albumet In Heaven? Det kjennest litt risikabelt når tekst, melodi og framføring tyder på at det er ingen ringare enn sjølvaste John Prine (1946–2020).
Ein slik gest kan fort verte ganske klein. Å syngje ein song til ein av dei største låtskrivarane, bør ein ikkje då skru saman ein rimeleg bra låt? Men så balanserer det ganske så fint når vi følgjer Prine gjennom gatene i Chicago, i delstaten Illinois, der han voks opp. Eg er glad for at Showalter hadde mot til det.
Eit par år har gått sidan Eraserland, der Strand of Oaks hadde med seg My Morning Jacket på ein heisatur inn i den klassiske rockens tropar og grep, i ekstatiske spor som «Forever Chords». Eit par musikarar frå bandet er med denne gongen òg.
Jimi og katten
At Showalter igjen skriv seg inn i ein tradisjon, og nikkar og bukkar til denne, er ikkje berre tydeleg med avstikkaren til Chicago. Han er lettare på foten på In Heaven enn sist, med ein meir popprega lydproduksjon, som uunngåeleg vil få fleire (ikkje minst i min generasjon) til å tenkje på Jeff Lynne (lytt til dømes til opningssporet «Galacticana»).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.