Bok

Frå det nære til det fjerne

Trond Nordby skildrar historiske samanhengar på både nasjonalt og europeisk nivå, og også attover i tid.

Nest etter drukningsulukker var vasar det verste som kunne hende.
Nest etter drukningsulukker var vasar det verste som kunne hende.
Publisert

Historieprofessor Trond Nordby er mest kjend for å ha skrive om politiske system og idear. Som pensjonist har interessa hans vendt seg mot barndomstraktene på Finnskogen. Dette er den tredje boka i Hofoss-triologien, etter Hofoss i verda (2016) og Folkelige toner over djupe skoger (2019). Boka er illustrert av kunstnaren Tore Hansen og inneheld også historiske foto.

Eit kulturminne

Nordby presenterer boka som ein parallell til dei fysiske kulturminna om tømmerfløytinga: «(...) mitt bidrag om en kultur som gjennom mange generasjoner prega fleire mindre samfunn.» Teksten er bygd opp etter det gode, gamle pedagogiske prinsippet «frå det nære til det fjerne». Tidsrommet er 1919–1969, men med linjer både attover og framover i tid. I den første delen blir fløytinga skildra med minne om lydar, lukter og synsinntrykk frå barndommen til forfattaren. Anekdotar og språklege bilde gjer teksten levande og nær. Å berke klaka (frosen) bark blir for eksempel samanlikna med å fjerne skalet på ein rå potet med neglane.

Fløytinga gjennom vassdraget blir grundig gjennomgått, noko som kanskje har størst lokal interesse. Nordby viser vidare korleis fløytinga var ein del av økonomi og kultur i lokalsamfunna og gjekk inn i ein årssyklus av fleire typar arbeid. Derfor var få fløytarar fagorganiserte. Arbeidet endra seg med den teknologiske utviklinga, for eksempel gjekk tømmertransporten over innsjøar først med manuelt drivne spillflåtar, seinare med motoriserte varpbåtar. Tømmerhogst og fløyting var mannskulturar med sterk identitet og indre samhald. Kjerringa var på trygg avstand, og kvinnene berre til stades i praten, visene og fagsjargongen.

Siste del av boka tar for seg organisering og kommersielle rammer. Dei historiske samanhengane blir utvida til nasjonalt og europeisk nivå, og også attover i tid. Blant anna viser han korleis krigar fekk konsekvensar for tømmerhandel og fløyting, og korleis endringar i rådande ideologiar som merkantilisme og liberalisme påverka eigar- og organisasjonsforhold lokalt. Denne delen er skriven i eit tørrare og meir akademisk språk. Når Nordby skisserer kva tømmeret blei brukt til i ulike periodar, blir også det geografiske fløyteområdet utvida til å omfatte heile Glommavassdraget med lenser, sagbruk og etter kvart også cellulosefabrikkar.

Lokallitteratur

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement