Frå det høgste til det lægste Gunnar Wærness har skrive ei omfangsrik diktbok med uvanleg biletkraft.

Gunnar Wærness har skrive ei omfangsrik diktbok med uvanleg biletkraft.

Gunnar Wærness har med teikneseriefigurar i den nyaste diktsamlinga.
Gunnar Wærness har med teikneseriefigurar i den nyaste diktsamlinga.
Publisert

Gunnar Wærness’ har ei eiga evne til å overraske med diktutgjevingane sine. Bli verden frå 2007 var dikt i teikneserieform. I årets bok treffer ein også på teikneseriefigurar som Batman, Mikke Mus og Donald, i tillegg til dikt der til dømes Lenin, William Blake, Gud, Jesus og dei daude får ei røyst. Boka er samansett av 66 nummererte og daterte dikt som er inndelte i fire bølgjer. Bølgjerørsla oppstår fordi dateringa vekslar mellom å gå att og fram i tid.

I det første diktet spør poeten: «skal jeg be til gud skrive dikt eller kjøpe pistol». Like forvirra kan nok lesaren kjenne seg. Men dikta til Wærness freistar å sirkle inn det menneskelege, som spelar seg ut ein stad i rommet mellom skiten og det andelege. I dikta finn ein både brød, mat, hòl, tarmar og bibelsk stoff.

Mennesket er eit vesen som nyttar språket, og språket teiknar opp ein fellesskap, det gjer den enkelte til alle. Eit ord som uttrykkjer det mest partikulære og personlege, er merkeleg nok også det mest allmenne: «hvordan kan mitt ansikt/ ikke være mitt/ hva er et ansikt da// det er alle sitt/ det er det som er et ansikt».

Venn med alle er ei uhyre omfangsrik, sprikjande, solidarisk, leikande, låtteleg, alvorleg og, viss det går an å seie noko så rart, poetisk diktbok. Dikta til Gunnar Wærness er hovudsakleg borne fram av ein kombinasjon av røyst og bilete. Jamvel om prosjektet poeten har på gang i boka kan vere vanskeleg å gripe i si fulle breidd, er det likevel bileta, dei visuelle utsyna, måten Wærness varierer, utviklar og vrengjer dei på, som verkar og set seg fast i lesaren.

Wærness’ poetiske metodar er mangfelte. Nokre av metodane freistar avkle noko, trengje inn til kjernen, vrengje innsida ut for å gjere ho synleg, men ofte vert det som med den vrengde votten han skriv om, «votten vrenges inn og ut og passer fortsatt hånda». Dikta kan lytte, «fordi jeg hører stemmer/ må denne natten være munnen». Dikta kan vere ein sjåar som «ser alle gjennom alles øyne», og dei posisjonerer seg kvar enn det skal vere, i øyret, til dømes: «trommehinnen sett fra det indre øret».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement