Musikk

Frå arkivet: Kva får du for seksten tonn kol?

«Folk Songs Of the Hills» på seks 78-plater i albumboks i 1947.
Publisert

Rolling Stone har kalla John Prine for ein «Mark Twain i amerikansk låtskriving». Ta songen «Paradise», frå debutalbumet John Prine, som handlar om Green River i Muhlenberg County i Kentucky der familien hans var frå.

Som barn var han der om sommaren. Så forvandla det lokale kolgruveselskapet den vesle byen til eit dagbrot. «… daddy won’t you take me back to Muhlenberg County/ Down by the Green River where Paradise lay», song Prine i 1971.

Fleire andre låtskrivarar kom frå Muhlenberg County. Arbeidssongane til gruvearbeidarane og lenkegjengane som bygde jernbanen, er ein del av den amerikanske songskatten. Merle Travis (1917–1983) var ein virtuos gitarist som spelte ragtimebasert blues ved å plukke basstrengane med tommelen og sololøp med peikefingeren. Det lærte han av den svarte gitaristen og felespelaren Arnold Schultz, som aldri fikk spelt inn noko. 

Men det gjorde Merle Travis. Han skildra slitet i gruvene i songar som «Dark as a Dungeon», som blei mykje spelt av visesongarar på 1960-talet, og «Sixteen Tons», spelt inn i 1946. 

Han blei ein millionseljar i 1955, rett nok i versjonen til kollegaen Tennessee «Ernie» Ford.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement