Musikk

Frå Ål til Homs

Spove er ei spenstig nyskaping innan verdsmusikken.

Spove med Adrian Myhr, Nawara Alnaddaf, Silje Risdal Liahagen og Inger Hannisdal.
Publisert Sist oppdatert

Det er 4788 km frå Ål i Hallingdal til Homs i Syria om ein skulle velja bil som transportmiddel. Likevel har folkemusikken tonalt og rytmisk slektskap, som den nyskipa kvartetten Spove har funne grunn til å utforska på plata med same namn.

At Inger Hannisdal er sentral i dette prosjektet, overraskar ikkje. Utgjevinga hennar North South East West frå 2022 var ei openberring av ei plate og utforska nettopp slektskapen mellom norsk og arabisk folkemusikk, men med litt breiare nedslagsfelt.

Her er koplingane meir direkte, og musikktradisjonane vekslar og glir meir eller mindre saumlaust over i einannan. Uansett tradisjon krinsar tematikken om oppbrot, tap og lengt. Denne tematiske grunnmuren er heilt essensiell.

Uttrykket er organisk og heilskapleg. Musikken er frisk og spontan, men samstundes definert og formsikker. Utan å dra samanlikninga for langt kom eg i hug eit anna legendarisk samarbeid over landegrenser, Frå Senegal til Setesdal (Grappa, 1997). Å høyra at det «klikkar» når koplinga er perfekt, skapar ei euforisk kjensle. På Spove er klikket høgt og tydeleg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement