Fotografen som elska vegar
Gjennom 35 år fotograferte Knud Knudsen vegar og landskap som endra seg med vegutbygginga.
Foto
Torild Gjesvik:
Fotograf Knudsen. Veien, reisen, land-
skapet
Pax
I Cora Sandels novelle «Barnet som elsket veier», elskar hovudpersonen særleg «smale, gamle veier med mange svinger og uten videre trafikk.» Det var ikkje slike vegar den kjende fotografen Knud Knudsen var fascinert av. Han var ein mann av si tid, då nye vegar og ingeniørkunst representerte framsteg og modernitet. Han var ein pioner, men ikkje den einaste som laga foto av vegskjeringar, fjellovergangar og elegante svingar. Andre fotograferte kaier og moloar.
Vegane var ikkje det einaste han tok bilde av, men i denne boka er det dei det handlar om. Boka er gjennomillustrert med store, gode foto. Forfattaren Torild Gjesvik går tettare på fotografia enn på fotografen. I innleiinga og avslutninga av boka får vi likevel eit biografisk riss av ein interessant person som veksla mellom korgfletting og fruktdyrking heime i Hardanger og fotografverksemda i Bergen, men først og fremst handlar boka om fotograferinga på reisene hans i perioden 1864–1899.
Turistvegar
Dei nye moderne vegane var ikkje berre viktige og nødvendige for handel og næring, dei var også ein del av den veksande turismen. Vegane gav tilgang til landskapet og verka inn på korleis naturen blei opplevd. Det «ville» norske landskapet blei i aukande grad sett pris på etter at «det sublime» med skrekkblanda fryd kom på moten. Det gav også ein marknad for fotografia. Forfattaren viser oss korleis Knudsen følgjer dei nye reisehandbøkene på fotoferdene sine. Vegen var både eit motiv i seg sjølv og ein ståstad for andre motiv, samtidig som samspelet mellom natur og veg var sentralt. Vi kan kjenne noko av tankegangen igjen i dag frå vegvesenprosjektet Nasjonale turistvegar.
Knudsen veksla mellom å legge seg tett opp mot tidlegare biletskjema og å prøve ut nye motiv og komposisjonar. Han interesserte seg for estetikken i vegutbygginga, men også for spor etter menneske langs vegen, som hesjer og gjerde. Gjennom dei 35 åra han var aktiv, fotograferte han dei same vegane på ulikt vis. Utvalet av fotografi gjer at vi forstår og følgjer fascinasjonen til både fotografen og forfattaren. Vi blir tatt med nedover svimlande sikksakkvegar i bratte fjellsider, gjennom skjeringar som er som svære steinkjeftar, forbi glisne tannrekker av stabbesteiner der vi kan sjå strukturane i berg og stein, grus og vegetasjon på nært hald.
Nye perspektiv
Forfattaren er kunsthistorikar, og boka er basert på doktorgradsarbeidet hennar. Ho opnar nye perspektiv for lesaren og underbygger dei med nærlesing av fotografia. Ho trekker også inn relevant teori, utan at framstillinga blir for akademisk i forma. Forfattaren lar lesaren sjå vegen som ornament og slyngvegane over fjellovergangane som kalligrafi. Vidare set ho fotografia inn i ein kunsthistorisk samanheng, og samanliknar fotografia til Knudsen med annan visuell kunst i samtida.
Boka er også ei kulturhistorisk reise gjennom ein periode då samferdsleutbygginga blei sett på som nøkkelen til eit betre samfunn og ein heilskapleg nasjonal kultur. Knudsen viser korleis landskapet endra seg med vegutbygginga, blant anna med å vise spor etter både gamle og nye vegar. På denne tida såg ein ikkje på vegane som sår i landskapet, men som noko som opna det. Den norske Turistforening fekk for eksempel bygd vegar så folk kunne komme seg ut i naturen.
Vi blir kjende med hovudtendensar i vegbyggingshistoria – frå å la vegane gå rett fram etter fransk byggemåte til å la dei følgje landskapet i chaussear. Interessa for geologi var sterk i samtida, både av praktiske, vitskaplege og nasjonale grunnar, og det at Knudsen ofte gjekk tett på både vegskjeringane og sjølve vegane, viser at han neppe var upåverka av denne interessa.
Boka er spennande frå start til slutt, sjølv om det hender at analysane kan bli litt for detaljerte, som når forfattaren drøftar kvifor Knudsen ikkje fotograferte vegarbeidarar. Ein skulle kanskje tru at ei heil bok om ein fotograf som fotograferer eitt motiv, ville vere vel smal. For denne lesaren var ho absolutt ikkje det. Ein veg er ikkje lenger berre ein veg etter at ein har lese denne boka.
Åsa Elstad
Åsa Elstad er historikar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Boka er spennande frå start til slutt.
Fleire artiklar
James Rebanks på Lillehammer sist veke.
Foto: Morten A. Strøksnes
Ein mann for alle årstider
LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.
Teikning: May Linn Clement
Tid for realitetsorientering
Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.
Ruslan Gorovij sender pengane han tener som artist, heim til Kyiv, der vener kjøper vedlass til ukrainarar som treng varme i vinter.
Foto: Ukrainian online sales
Eit nytt lovframlegg som legg opp til at det skal bli straffbart å selje ulovleg hogd skog, vil ikkje minst råke folk i øydelagde hus.
Ein førjulsdag får Vilma (Kjersti Dalseide) patologen Robert (Ole Christoffer Ertvaag) og presten Ivar (Tobias Santelmann) på døra. Dei har med seg ein dødsbodskap.
Foto: Nordisk Film Distribusjon
Julefilmen til Charlotte Blom er litt frisk, litt traust og litt tam.
Den neste presidenten i USA, Donald Trump, har sterke retoriske evner, meiner Gjermund Stenberg Eriksen.
Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB