Musikk
Fotnotar til ein uutgraven konsert
Adrianne Lenker løftar konsertopptak til noko meir enn dokumentasjon.
Adrianne Lenker elskar uskarpe pressebilete.
Pressefoto
Livealbum er ofte, la oss vere ærlege, for spesielt interesserte. Det er lyden frå ein konsert du mest truleg ikkje var til stades på. Om du ikkje er typen som driv med Bob Dylan-utgravingar i helgene eller tek eit årsstudium i eldre Grateful Dead-historie, høyrer du nok på ei liveplate ei, kanskje to gongar.
Samstundes er ikkje dei beste innspelingane dei offisielle. For alle artistar med ein relevant følgjarskare finst det stader der ein kan samanlikne ulike lydopptak, gjerne frå same konserten.
Artistar som vil gje ut livealbum, må by på noko meir enn berre kjende songar med høfleg applaus. Pianisten og songaren Tori Amos forstod det tidleg. For tjue år sidan gav ho fortløpande ut konsertar på CD og iTunes, toppa med heile 27 livealbum i 2007. Ingen har eigentleg teke formatet vidare sidan.
Tusen takk
Sundag 12. mai i fjor heldt Adrianne Lenker, frontfigur i Brooklyn-trioen Big Thief, ein fortryllande solokonsert på Chateau Neuf i Oslo, der ho mellom anna reflekterte over nyansane i det norske «tusen takk» – og her må eg ty til originalspråket: «That’s like a thousand thank you’s? Wow, that’s so beautiful.»
Ein månad seinare var turneen komen til Portland. Her gjorde samarbeidspartnaren Andrew Sarlo opptak. Produsenten og teknikaren har ikkje berre dokumentert songane, men fanga den heilt særeigne stemninga frå fleire konsertkveldar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.