Bok

Føter og røter

Keegan skriv meisterleg om utbrytartrong og harde levekår.

Bøkene til irske Claire Keegan er omsette til over 30 språk.
Publisert

I eit intervju med Oprah Winfrey frå 2025 svarar Claire Keegan slik når ho får spørsmål om korleis ho finn ut kven personane ho skriv om, inst inne er: Ho følgjer føtene deira. Føter lyg nemleg aldri. Denne litt gåtefulle utsegna tok eg med meg under lesinga.

Keegan er ein av mest meritterte nolevande forfattarane i Irland og har alt fleire titlar på norsk. Over blå enger er ei av dei tidlegare bøkene hennar og inneheld sju noveller. Desse er meir ulike seg imellom enn dei som står i samlinga I seneste laget, som eg las for to år sidan.

For det meste er vi i eit irsk landsbygdmiljø. Det er ei verd av blå og grøne enger, rautande kyr, tause menn, halvgalne kvinnfolk og skokkar av sprell levande ungar. Fleire av novellene blir fortalde nettopp gjennom auga til unge menneske, noko som gir eit friskt og håpefullt blikk på omgjevnader og levekår som er heller grimme.

I «Forstmannens datter» skifter synsvinkelen mellom fleire av medlemene i ein familie, ein familie som ein godt kunne kalle «dysfunksjonell». Sjølvsagt er han mykje meir enn det. Her er nemleg mykje som fungerer og er vitalt, ikkje minst erotiske kjensler. Dei blir berre ikkje retta dit dei helst burde.

Religion

Religionen spelar framleis ei sterk rolle her. I tittelnovella er hovudpersonen ein ulykkeleg prest som forrettar i bryllaupet til kvinna han elskar. Prestar som verken kan få den dei elskar eller gi seg sjølv til nokon, men som likevel har seg, er eit motiv som går att. Det same er forstokka tradisjonar og bygdedyr som hemmar både menn og kvinner.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel