Musikk
Forventa sterk debut
Kvartetten har det meste pluss perfekt kjemi.
Flukten er (f.v.) Hans Hulbækmo, Bardur Reinert Poulsen, Marius Klovning og Hanna Paulsberg.
Foto: Bjørn Opsahl
Denne kvartetten har nytta pandemien godt. Frå berr bakke hadde dei i løpet av eit knapt år klart eit repertoar som no ligg føre som utgjevinga Velkommen håp. Dei har også nådd å gjera inntrykk på konsertscenen. Alle fire er velkjende aktørar på den norske jazzscenen, og dei kunstnarlege vegane deira har kryssa kvarandre ved fleire høve.
Lovord
Det manglar ikkje på lovord til trommeslagaren Hulbækmo. Også denne meldaren har late seg imponera, og det han gjer på denne plata, svekkjer ikkje inntrykket, men her har han i tillegg komponert sju av ti låtar, «Mellomspill» rett nok i samarbeid med dei tre andre. Hulbækmo har fått folkemusikken inn med morsmjølka, og det kan ein høyra.
Komposisjonane ligg sjangermessig innanfor eit moderne jazzomgrep, men det finst melodifragment og rytmiske figurar som «avslører» folkemusikaren Hulbækmo. Både «Budeie boogie» og «Blomstrene» er glitrande døme.
Dei to Klovning-bidraga «Framsyning» og «Jonas og hvalen» (her må det vera lov å spørja nynorskbrukaren Klovning kva som er gale med kvalen?) viser to karakteristiske sider ved han som komponist, den første skakk, rubato og Frisell-inspirert og den andre ei lyrisk perle av ein ballade med eit makelaust gitarkor.
Heilskapleg
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.