Fortid og notid

Hélène Cixous slår rot ein stad ho aldri har budd: Osnabrück.

Hélène Cixous forfattar, poet, litteraturvitar, dramatikar og filosof.

Bok

Publisert

Mellom 1996 og 2023 er det utgitt åtte titlar av Hélène Cixous på norsk, sju av dei er omsette av Grete Kleppen. Ho fekk Bastianprisen i 2007 for omsetjinga av Blendverk. Cixous skal derfor vere godt kjend for eit litteraturinteressert publikum, og årets bok er den siste i ein kvartett som omfattar Osnabrück (på norsk 2003), Från Osnabrück station till Jerusalem (på svensk 2021) og 1938, netter (på norsk 2021).

Under eitt er kvartetten ein rekonstruksjon og ei erindring kring mora Ève Klein og familien og miljøet i Osnabrück i mellomkrigstida, før jødane blei fengsla og sende i døden eller kom seg unna i eksil for aldri meir å vende tilbake. Men hos Cixous vender dei tilbake, ikkje for å bli, men på invitasjon frå styresmaktene reiser ho saman med mora til Osnabrück i 1985 i ei slags forsoning med dei overlevande. I 2018 reiser Hélène Cixous aleine til Osnabrück for å ta imot ein medalje for forfattarskapet sitt.

Kring slike fakta spinn ho ei personleg, biografisk og essayistisk historie som femner lange liner bakover. Osnabrück står sentralt som vertsby for freden i Westfalen i 1648 etter den øydeleggjande 30-årskrigen, der hekseprosessane tok livet av fleire hundre kvinner, tidas jordmødrer, torturerte og utsette for vassprøva, og denne koplinga til mora Ève, også jordmor, er elegant turnert og innlemma i den løpande teksten. Dei oppløyser all tid og gjer alt samtidig, og opnar for at dei overgrepa som er historie, også kunne ha hendt i dag, utanfor tid og rom.

Det er altså det samtidige som er Cixous’ agenda. Her speler ho både på den store klassiske litteraturen med Shakespeare og Homer samtidig som ho flettar inn personlege opplevingar og byggjer ein parallell mellom seg sjølv og mora Ève. Forfølging og flukt, statsborgarskap og identitet, står sentralt.

Hélène Cixous voks opp i Oran i Algerie saman med mora, men da FNL overtok makta, blei alle med fransk statsborgarskap utviste. Slik blei Frankrike det nye heimlandet, men erfaringane til mora sit i ryggmergen: Ha alltid kofferten pakka og klar for nye oppbrot.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement