Bok

Fortast mogleg opp att

Ingrid Senje går tett på, men tør ikkje dykke langt nok ned.

Ingrid Senje er fødd i Oslo og busett i Milano. Ho har tidlegare publisert tekstar i antologiar.
Ingrid Senje er fødd i Oslo og busett i Milano. Ho har tidlegare publisert tekstar i antologiar.
Publisert

Ingrid Senje er debutant og har skrive ei samling på ni noveller. Tittelen på samlinga er relevant for alle novellene. Det handlar om ting vi alle balar med når noko står på spel, og det blir viktig å halde ei rett linje og eit støtt svev – i sorga, i nære relasjonar, i eit gryande begjær.

Det er sjeldan alt klaffar og ein presterer det perfekte stupet, der ein skjer «som ei pil gjennom vatnet», glir «som ei saks gjennom silke». Sitata er frå tittelnovella, som har nokre linjer innvovne frå ein manual for nettopp stupeteknikk. Her står det også: «Nokre stuparar trivst godt under vatn, mens andre vil fortast mogleg opp att.» Det siste slår meg som eit bilete på eit problem som nokre av desse novellene har.

Brutale ungjenter

Senje skjer ut tydelege situasjonar der nokon står ved kinkige val og dilemma – eller berre ikkje greier å kommunisere med dei aller næraste. Språket er jamt over presist, og forfattaren går tett på.

Debutanten meistrar òg den stramme komposisjonen som ei novelle skal ha – einskap i tid, stad og rom. Tittelnovella er ei av dei beste i samlinga og har fleire slike tette rom, både fysiske og mentale.

Heilt unge Anna (alder ukjend, men kanskje 12–13) er på stupetrening. I løpet av den kvelden vi følgjer henne, kjenner ho seg pressa frå fleire kantar. Bak ein glasvegg står ein streng stefar og stirar inn. Anna veit at bilturen heimover vil vere tung av dømande kommentarar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement