Musikk
Førsteklasses hardingfelespel
Per Anders Buen Garnås feira 20 år som hardingfelespelemann med gamle og nye innspelingar.
Hardingfelespelemannen Per Anders Buen Garnås har vunne Landskappleiken fire gonger.
Foto: Gry B. Røiland
Hardingfelespelaren Per Anders Buen Garnås (f. 1980) debuterte med soloplata Åleine i 2001. Den gongen vart det spelt inn langt fleire slåttar enn dei 25 som var med på plata.
Då han i fjor skulle markera 20-årsjubileet med ny innspeling, fann han ut at dei uutgjevne slåttane som ikkje vart med på debutplata, framleis tolte dagens ljos. Dermed presenter han samstundes ukjende gamle opptak og nye innspelingar på to separate CD-plater.
Hovudskilnaden er tydelegast merkbar i lydbiletet. Medan dei 20 år gamle opptaka er innspela i ei stor kyrkje med mykje klang, er dei nye tekne opp i eit tørrare lokale og med svært edrueleg bruk av romklang i etterkant. Såleis kjem lydaren tettare på detaljane i spelet, og det vert ein annan intimitet i uttrykket.
At spelestilen er såpass lik både teknisk og musikalsk etter 20 år, inneber ikkje at det er tale om ein utøvar som ikkje har utvikla seg. Snarare viser det kor mogen Garnås var som musikar alt som 21-åring. Og i motsetnad til mange andre jamgamle folkemusikarar som har søkt seg mot mange slags samspelskonstellasjonar innan ulike stilartar, har han konsentrert seg om det tradisjonelle solistiske felespelet frå Telemark.
Sjølvsagt er det noko konserverande og attendeskodande i ein slik arbeidsmåte. Men om ein ser det totale musikklivet under eitt, er det berre sunt at det er god balanse mellom dei som tek vare på det gamle, og dei som dyrkar eksperimenteringslysta.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.