Bok

Forsking og fiksjon

Gøhril Gabrielsen skriv med teft og innsikt om å miste seg sjølv.

Gøhril Gabrielsen har fått tre litterære prisar for romanane sine.
Gøhril Gabrielsen har fått tre litterære prisar for romanane sine.
Publisert

Gøhril Gabrielsen blei fort lagd merke til da ho entra den litterære scenen i 2006 med debutromanen Unevnelige hendelser. Elleve år og tre bøker seinare sit ho med tre litterære prisar, der Tanums kvinnestipend og Amalie Skram-prisen ragar høgast. Årets bok – den femte romanen hennar – viser at ho stadig er på rett veg og i utvikling i det språklege, i det litterære og i den psykologiske portretteringa av «kvinner på randen».

Handlinga er lagd til Finnmark, som ho sjølv kjem frå, midtvinters, og så langt ut i øydemarka ein kan komme før storhavet overtar. Der hekkar koloniar av sjøfugl, og den kvinnelege forteljaren har reist dit for å drive grunnforsking om klimaendringar og fugledød. Ho har eit ryddig forhold til forskingsoppdraget; verre står det til i privatlivet, der ho har forlate ein mann og knytt seg til ein ny, med ungar på begge sider. Det er her den psykologiske teften til Gabrielsen kjem til sin rett, for ho opererer med ein svært upåliteleg forteljar.

Irrasjonelle fantasiar

Denne namnlause forteljaren ventar heile tida på at elskaren skal komme, men han dukkar aldri opp. Den psykopatiske eksen trugar også med å komme, og kanskje dukkar han opp i sluttscenen. Dette spenningsgrepet blir kopla til ei tragisk hending på staden tilbake i 1860-åra, da ein familie slo seg ned og rydda eit småbruk i øydemarka, og var dei einaste og siste som budde der.

Det er her den objektive forskaren mistar grepet i det verkelege og gir seg over i irrasjonelle fantasiar kring det som hende for lenge sidan. Ho diktar seg inn i livet dei levde, ei innleving som samtidig blir projisert på hennes eigne røynsler og forholdet til han ho meir eller mindre har flykta frå.

Storm og stille

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement