Film
Formlar som fungerer
André Øvredal har etablert seg som heilstøypt sjangersmed i USA.
Michael Garza og Zoe Margaret Colletti har to av hovudrollene i Øvredals nye skrekkfilm.
Foto: imdb.com
Det er allehelgensaftan 1968. Stella (Colletti) og kameratane er nerdar som skal hemne seg på ekle mobbarar som plar stele snop. I tumultane blir dei kjend med Ramón (Garza), ein kjekk kar som folk skular på, sidan han kjem utanfrå.
Dei fire forvillar seg inn i ein stor, stengd villa som skal vere heimsøkt av skrømtet til innestengte Sara, som fortel historier dei lyttande neppe lever til å høyre slutten av. Skribentspira Stella finn boka hennar, og skumle historier manar fram ekte mareritt i mørket.
Nerdehemn
Scary Stories to Tell in the Dark er basert på populære forteljingar av Alvin Schwartz. Guillermo del Toro sikra seg tidleg illustrasjonane av Stephen Gammell til filmversjonen, og solide dataanimasjonar gjer monstra skikkeleg ekle. Saman med regissør André Øvredal har del Toro sydd saman historiene til ein skrekkfilm som ber sin eigen logikk. Stella er stjerna, medan alle ber om at dei ikkje står sentralt i neste soge.
Etter kjekk leik med norsk mytologi i debuten Trolljegeren, viste osingen Øvredal stil som sjangerregissør i USAs støypeskei med The Autopsy of Jane Doe. No tar han nye steg under rettleiing av del Toro. Dei er to gode nerdar som elskar filmhistorie. Det ser ein av ei mengd av inspirasjonskjelder, frå plakatar på jenterommet til drive-in-kino med Night of the Living Dead av George Romero. Kunnskap er makt, og å forme forteljingane er den perfekte hemn mot dei mektige for einsame jenter med skarp penn.
Forteljarform
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.