Forleggjaren som knapt sa nei
BOKHUSET I RISØR. Erik Gunleiksons forlag og bokhandel heldt til i dette kvite huset i Strandgaten 1.
Postkort frå forlaget, Universitetet i Bergen
Erik Gunleikson (39) hadde vore bonde, dreiv bokhandel og blei forleggjar då han skipa Erik Gunleiksons Forlag i Risør 1912. Det blei eit livsverk for historiebøkene.
Gunleikson dreiv farsgarden frå 1892 til broren Peder tok over i 1906. Erik flytta til Risør og kjøpte J.G. Fryxells Boghandel. Ein god medhjelpar nokre år var Kjetil Ljøstad, seinare forlagssjef i Noregs Boklag.
Mykje av bokinteressa kom frå ein onkel med stor boksamling. Erik venta å arve samlinga, men bestemora tykte bøkene var for verdslege og brende alt i hop. Berre ein biletbibel låg att. I staden bygde han sjølv opp ei stor privat boksamling på 5000 band. Ho blei borte då han døydde.
Erik Gunleikson Forlag gav ut 160 bøker mellom 1911 og 1937. Av desse var 36 på bokmål. Til dette kom 32 årgangar av fire blad, tidsskrift og årbøker.
Han satsa mest på skjønnlitteratur og tradisjonsstoff frå Agder og Telemark. Frå dette forlaget kom også pamfletten Kvendi og preste-embættet av Marta Steinsvik i 1917 og kortstokken Nynorsk litteraturhistorisk Firkort av Edmund Salvesen i 1921. Mykje av det Gunleikson gav ut, blei den gongen kalla folkebøker. Det var viktigare at bøkene kunne lesast av mange, enn at dei var sterke litterære verk. Gunleikson sa mykje heller ja enn nei.
«Forfattere er det ingen mangel paa», sa han til Dagbladet i 1920. Det som trongst no, var eit kapitalsterkt nynorskforlag. Så slapp ein å refusere så mange av dei som skreiv godt, sukka Gunleikson. Dei pengane hadde ingen.
Ein av debutantane var Hallvard Sandnes. Han fortalde om diktardraumen sin til ein ven i Kristiansand. Gå heim og skriv boka, så tek eg henne med til Gunleikson, var svaret. Sandnes sette seg til på eit loft heime i Vikelid i Setesdal, skreiv Paa solbrune vidder på tre veker, og boka kom ut hausten 1913.
Knapt noko stod han nærare enn tidsskriftet Ung-Norig. Bibliografen Anton Aure redigerte dei første sju årgangane frå 1918 før Henrik Rytter tok seg av éin. Åtte år seinare bad forleggjaren mangesyslaren Olaf Hanssen om å vere med og berge bladet. Det ville vere «ei stor fyreloga for alt ung av ånd i Noreg.» Dermed førte venene Conrad Clausen og Olaf Hanssen tidsskriftet vidare i to år frå 1935.
Vinteren 1937 stoppa han tidsskriftet, og året etter måtte han gi opp både forlag og bokhandel. Erik Gunleikson døydde på Risør aldershjem i 1949. Målrørsla hadde gløymt han, og ingen målfolk sa noko i jordferda, som enda på heimegarden. Han spann ikkje silke på verksemda si, men hadde blikk for noko større, skreiv Aust-Agder Blad presist.
Ottar Grepstad
Neste gong: Forlaget for heile landet
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.