Forkortingane går for langtI så sterkt forkorta versjonar står songtekstane fram som utydelege.DiktMona B. Riise:
I så sterkt forkorta versjonar står songtekstane fram som utydelege.
Musikkjournalist Mona B. Riise har teke for seg 112 songtekstar frå om lag 50 norske artistar.
Foto: Kristin Svorte
Det finst eit tradisjonelt skilje mellom song- og skriftlyrikken. Song er lyd og høyrer til på konsert og på plate, diktet er stille og høyrer til i skrifta og i boka. Opphavleg var lyrikk song akkompagnert av strengeinstrumentet lyre. Mona B. Riise, musikkjournalist i NRK, har sett seg føre å oppvurdere songtekstane, syne fram dei poetiske kvalitetane i eit utval rock- og poplåtar, hovudsakleg norske, men også somme engelskspråklege. I 2004 gjorde Jan Inge Reilstad noko liknande då han gav ut boka Samtidslyrikken – fra almuens opera til Gatas parlament.
Sju tema
Riises utval består av 112 songtekstar frå nesten 50 norske songartisar. Det finst ikkje ei uttala kronologisk avgrensing. Songtekstane er grovt sett, med unnatak av nokre Prøysen-tekstar, henta frå 1975 fram til i dag, frå Lillebjørn Nilsen til Lars Vaular. Tekstane er samla under sju tematiske vignettar, slik som «Byen» og «Livet og alt det der». Til kvar bolk har Riise laga ein kort personleg inngangstekst. I tillegg byd boka på korte samtalar med ti av artistane, blant dei Michael Krohn og Kari Bremnes, som reflekterer over tekstforfattarrolla.
Å syne fram dei poetiske kvalitetane til pop- og rocketekstar er ein god idé. Men fordi utvalet baserer seg på Riises personlege preferansar og ikkje skjeler til representative omsyn, kan det kjennast vanskeleg å kritisere prosjektet. Riise har «plukket ut smakebiter ( … ) av tekster som treffer et punkt, et minne eller en erfaring hos meg».
Utydeleg
Sjølv om utvalet er personleg, er hovudproblemet at 107 av totalt 112 songtekstar står «i utdrag», i sterkt forkorta versjon av originalen. Diverre er det ikkje tale om kosmetiske utelatingar, ofte er ein tredel av originalteksten borte. Slik manglar til dømes to strofer i «Dødelige drifter» av Lasse Myrvold (The Aller Værste). Ein går glipp av utviklinga i teksten, og tekstens estetiske verdi tapar seg når nøkkelbiletet i teksten forsvinn: «Du ser etter stjernene/ og stanger hodet i en mur».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.