Forholdisme
og Valla-orsaking
Mykje å henta for alle som ønskjer å bli betre til å uttrykka seg.
I 14 år hadde Per Egil Hegge ei eiga språkspalte i Aftenposten.
Foto: Kagge Forlag
Sakprosa
Per Egil Hegge:
Sofa til salgs hos dame som er myk å ligge på – og andre språksalater vi tråkker i
Kagge Forlag
Når vi skriv for andre, er vi, iallfall dei fleste av oss, opptekne av at språket skal vera korrekt. Ein tekst med skrivefeil, kommafeil og grammatiske feil gjev eit dårleg inntrykk av oss som skribentar, og det ønskjer vi sjølvsagt å unngå. Men sjølv ein tekst utan formelle lyte kan vera uklar eller til og med uskjønleg. Skal vi nå fram med bodskapen vår, er det også viktig å skriva både forståeleg og eintydig. Det gjeld oss alle, men kanskje særleg politikarar, offentleg tilsette og journalistar.
Skjødets lyst
Dette har den kjende avismannen Per Egil Hegge gripe tak i. Han har gjeve ut fleire bøker om språk i vid meining: rettskriving, ordval, språklege verkemiddel, stilnivå og sjangerlære. Og ikkje minst: I 14 år, frå 26. januar 2004 til 26. januar 2018, hadde han kvar einaste dag spalta «Språket vårt» i Aftenposten. Der svara han på spørsmål frå lesarane og kommenterte språk og språkbruk i det offentlege rom, som det heiter. No har han samla eit utval godbitar frå desse 5114 spaltene i boka Sofa til salgs hos dame som er myk å ligge på – og andre språksalater vi tråkker i. Essensen i utvalet vil eg samanfatta i dette sitatet: «Norsk er sannelig ikke bare bare. Ikke for innfødte engang.»
Innhaldet er i hovudsak ordna tematisk og bunde saman med spenstige kommentarar og digresjonar. Her er gode råd om kommasetjing, preposisjonsbruk og setningsbygging. Hegge viser både at dei små detaljane er viktige for meininga, og korleis faste uttrykk blir brukte feil eller blanda saman. Han har fleire døme på ordval som gjer at vi må dra på smilebandet, som da nyheitsopplesaren i NRK melde om «glatt vêr».
Vanskane med å skilja kj- og sj-lyden frå kvarandre i moderne norsk er sjølvsagt med. Som prov på at dette kan føra til både tankevekkande og morosame skrivefeil, siterer han frå ein kronikk i Klassekampen 11. august 2014. Der kunne vi lesa at ein «muslim påbys å skjerme seg fra det som fører vekk fra Allah, nemlig materialismen og skjødets lyst».
Enkelte uttrykk blir tilgodesette med lange utgreiingar. Eit av desse er den overdrivne og uheldige bruken av uttrykket «i forhold til», som er utbreidd blant både journalistar, professorar og politikarar. Hegge kallar dette forholdisme, eit ord som no er ført opp i den digitale ordboka frå Det Norske Akademi for Språk og Litteratur. Sjølv om kampen mot forholdismen verkar fånyttes, kan han med støtte i Nasjonalbibliotekets tekstkorpus visa at førekomsten av «i forhold til» vart nesten halvert i perioden 2002–2013.
Valla-orsaking
Også den såkalla Valla-orsakinga blir grundig omtalt. Denne har utspring i striden mellom dåverande LO-leiar Gerd-Liv Valla og Ingunn Yssen i 2007, og vil kort fortalt seia at vi ikkje orsakar eiga framferd, men måten andre opplever framferda vår på. Hegge viser til at politikarar som Liv Signe Navarsete og Sylvi Listhaug også har nytta seg av denne praksisen.
Å skriva forståeleg kan vera ei utfordring, som ein politikar ville ha sagt, eller helst vanskeleg, som er Hegge sitt råd om ordlegging. Her er det mykje å henta for alle som ønskjer å bli betre til å uttrykka seg. Boka er skriven med glimt i auget. Ho har inga innhaldsliste, men er forsynt med eit ord- og uttrykksregister som gjer ho lett å finna fram i.
Terje Larsen
Terje Larsen er norsklektor.
Sidan Per Egil Hegge er fast skribent i Dag og Tid, er boka meld av ein ekstern meldar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Boka er skriven med glimt i auget.
Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.