Kunst
Forgjengeleg
Foto: Kunsthistorisches Museum, Wien
Vanitasmåleria frå 1600-talet freistar oss med glade blomsteroppsatsar og vakre gjenstandar, men når vi ser nærare etter, så raknar idyllen. Det heile viser seg å vere kortvarige gleder, forfallet kjem smygande inn frå alle kantar. Såleis minner dei oss om at all nyting er fåfengd, eit blendverk som ikkje må stå i vegen for dei evige verdiane.
Stilleben er ein sjanger der kunstnaren kan briljere med måleteknikken sin. Kunstnarane kappast om å framstille dei mest delikate overflatene, skinande vasar og ikkje minst intrikate symbol. Ein snakkar om at desse såkalla vanitasmotiva hadde løynde motiv. Sanninga er snarare at store delar av den komplekse kunnskapen har gått i gløymeboka. Fleire av symbola hadde doble tydingar og opna for at folk kunne flokke seg rundt eit nytt måleri, spekulere og tolke.
Dette vanitasmotivet er måla av hollandske Maria van Oosterwyck (1630–1693), ei av dei mest kjende kvinnelege kunstnarane i samtida. Vi kjenner berre til 30 bilde av henne, til gjengjeld vart dei selde til fleire kongehus.
Oosterwyck utmerkte seg med spenstige komposisjonar som yrer av detaljar. Her er kostbare gjenstandar som globusen, blekkhuset og myntane, som viser til forfengelegskap. Ho var ein meister til å skildre spennande lysverknader. Dersom du er i Wien og har litt tid til overs, er det ingen dum idé å gå innom Kunsthistorisches Museum og sjå dette verket på nært hald. Då vil du nemleg sjå at ho har måla sitt eige sjølvportrett i refleksjonen på flaska nedst til venstre.
Nederlendarane var eit kravstort publikum. Dei hadde grundig kunnskap om botanikk, og Oosterwyck var særleg kjend for den livaktige måten ho framstilte kvar og ei plante på i måleria sine. Mellom anna ville eit 1600-talspublikum verdsetje kor livaktige blomane er pensla fram. For dei kunne ikkje vore måla direkte etter levande blomar, då dei faldar seg ut på ulike tider av året. Til dømes blømer tulipanane om våren og nelliken om sommaren. Ser ein nærare på vekstane, er fleire i ferd med å visne. Kraniet og timeglaset er meir handfaste påminningar om at alt vil forvitre og døy.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.