Film

Forferdeleg flott

Stilisten Hlynur Pálmason får det beste ut av den vakre vulkanøya Island og kolonimakta Danmark.

Mot slutten av 1800-talet vert presten Lucas (Elliott Crosset Hove) send til ein avsidesliggande del av Island.
Mot slutten av 1800-talet vert presten Lucas (Elliott Crosset Hove) send til ein avsidesliggande del av Island.
Publisert

Den danske presten Lucas (Hove) skal få bygd den fyrste kyrkja aust på Island på 1800-talet. Saman med ei gruppe leidd av staute Ragnar (Ingvar) og ein tolk legg han ut på ferda austover frå det tettare busette vest. Med på turen er eit stort kors som Ragnar synest hadde vore lettare å frakta som ved, og eit fotokamera på storleik med to små telt. Lucas skal dokumentera islendingane.

Førebiletleg

Vanskapte land har utspring i dei fyrste bileta frå austsida av Island. Ein prest tok dei. Utgangspunktet vitnar om ein filmskapar som legg vekt på vakkert komponerte bilete. Hlynur Pálmason er ein sånn. Debuten Vinterbrødre (2017) blanda kalksteinsfabrikk og snø i eit blendande uttrykk. En hvit, hvit dag (2019) hadde òg poetisk kraft i bileta.

Maria von Hausswolff stod for foto på båe. Det gjer ho òg på den tredje langfilmen til den stilsikre regissøren. Arbeidet hennar er formidabelt. Ho har filma med god gamal 35 mm filmrull i smalt 4:3-format. Det kler forholda og forteljinga. Naturen ruvar. Dramatiske fjell og kraftfulle elvar er enorme kulissar for følgjet av fåmælte menn. Mykje minner om tradisjonelle westernfilmar. Nådelaus natur trugar like mykje som interne konfliktar.

Nykolonialisme

Representanten for kolonimakta er som slike gjerne er: ovmodig, vankunnig, veik og farleg. Elliott Crosset Hove har eit urovekkjande oppsyn og er skremmande god. Det er Ingvar Sigurdsson som nemesisen Ragnar òg. Her er han endå meir urislending enn i hovudrolla i En hvit, hvit dag. Stemninga er trykt, men no og då glimtar filmen til med humor. Ein hund som fekk ein høgst fortent Palm Dog i Cannes, løftar humøret, men elles kjem skeive smil helst med mørkt blikk på kulturkollisjon mellom danskar og islendingar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement