Bok
Forboden fruktpai
Illustrasjon: Ragnar Aalbu
Den nye biletboka til Ragnar Aalbu luktar godt: kanel, sukker og rabarbra. Varm pai, konkluderer Moldvarpen på tur gjennom byens gater. I ein retorisk passiar med seg sjølv kjem han fram til at det berre vil vere rett og rimeleg at han går til bakaren, stel paien og et han sjølv.
Det litterære slektstreet til Paisommer har røter heilt tilbake til syndefallet. Forgreiningane viklar seg kring Aristoteles’ tre retoriske prov, gjennom segner og eventyr, innom Hakkebakkeskogen med reven og dei dobbeltpepra peparkakene og finn vegen heilt inn til moldvarpens moralske kompass.
Den indre monologen vert nemleg snart avløyst av ein indre duell, mellom den gode og den vonde moldvarpen. Løysinga blir å setje paien tilbake på plass. Då snur lukka seg for den sjarmerande kakemonsen til Aalbu.
Bokformatet er ekstra stort, papirkvaliteten tjukk og god, fargane er duse og lekre. Boka er like freistande for lesaren som paien er for moldvarpen.
Observante Aalbu-fans vil hugse moldvarpen frå bokhausten i fjor, i den prisvinnande biletboka: Hakk o ve. Der fjorårets hakkespett begeistra lesarane med språkleg snert og leikande ordglede, er ikkje årets moldvarp fullt så kreativ og morosam. Situasjonskomikk kompenserer for mindre språkleg moro, men alt i alt er det moralen som trumfar denne gongen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.