For oss som har elska Sverige
Mykje av stoffet er interessant, men lite systematisk opplyst, så ein risikerer forventningsvonbrot.
Mange vil opne denne boka med store forventningar: Ein sterk forfattar med gode merittar og kunnskap om Sverige skal hjelpe oss med å skjøne korleis Sverige er kome dit det er. Prosjektet er sympatisk, og det gjev ein del innsikt: Vi vert tekne med omkring til samtalar og møte med alskens ulike personar, her er sverigedemokratar, «vanlege» politikarar, byråkratar, skulefolk og sjølvsagt innvandrarar – mellom dei ein innvandra rektor med strenge disiplinkrav.
Heseblesande
Gundersen kjende Sverige i si tid, som student i Göteborg. Tilnærminga er at han no er vorten like framandgjord som alle vi andre. Det er 40 år sidan eg sjølv var student i Uppsala eit lite bel, men eg møtte svenskar ofte før, og har kjent allslags akademikarar.
No er eg òg heilt forvilla i forståinga av det svenske og har vanskar med å forklåre mykje. Det kjennest likevel ikkje som den etter kvart litt heseblesande måten Gundersen dreg oss med på for å møte den eine etter den andre, skaffar fram dei velfunderte analysane som må til for å kome lenger i forståinga av Sverige.
Overblikket manglar. Gundersen oppnår eigentleg ikkje å dempe inntrykket av at noko er gale i grannelandet, han berre unngår konfrontasjonen, dermed heng tanken om kampen mellom nasjonalistar og innvandrarar over hovudet å oss som ei sky.
Han går vegen om å måle ut koss Sverigedemokraterna (SD) og andre nasjonalistar har ei verkeleg frykt for at det svenske skal tape seg, og han fører linene attende til gammalnazistane og krigstida. Greitt, men der finst altså ganske så solid forsking kring SD av nokså ny dato, mellom anna frå Institutet för Framtidsstudier, med trauste sosiologiske analysar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.