Bok
Før krigen kom …
Det er sterkt å lese Serhij Zjadan når ein veit kva som hender i Ukraina i dag.
Serhij Zjadan har skrive ei rekke romanar, lyrikk, noveller og essay sidan debuten i 1995. Han er omsett til tolv språk og har vunne fleire prisar.
Foto: Valentyn Kuzan
For eit års tid sidan skreiv eg ein artikkel i Årbok for Fosen kring krigskyrkjegarden på Krokstadøra i gamle Snillfjord kommune, no Orkland, der det frå sommaren 1942 til våren 1943 blei gravlagt 21 sovjetborgarar: ni ukrainarar, sju russarar og fem uidentifiserte. To av dei ukrainske kom frå Kharkiv i Aust-Ukraina, og når eg nemner dette, er det fordi handlinga i Serhij Zjadans Mesopotamia utspeler seg i Kharkiv etter at Sovjetunionen braut saman i 1991 og Ukraina stod fram som sjølvstendig stat, og som om ikkje det var nok, så bur også Serhij Zjadan i Kharkiv.
Serhej Zjadan (f. 1974) skriv både poesi, skodespel, noveller og romanar, samtidig som han også er med og har vore med i ulike rockeband med base i Kharkiv. To av romanane hans er omsette til norsk av Dagfinn Foldøy, Anarchy in the UKR i 2017 og Mesopotamia i 2018. Begge romanane kjem no i nye opplag, brennaktuelle med bakgrunn i den pågåande krigen som i realiteten starta i 2014 med det prorussiske opprøret i Donetsk og Luhansk.
Kjærleik til Kharkiv
Kharkiv ligg mellom dei store elvane Dnipro og Donets, og tittelen Mesopotamia speler på tydinga «landet mellom elvane». I korte glimt hintar Zjadan også til det gamle Mesopotamia, heilt tydeleg i devisen henta frå Sumerernes sanne historie, band I, men i tillegg spreidd rundt i dei ni forteljingane som utgjer første del, «Historier og biografier», der han rissar opp livsløpet til ni ganske slitne og rølpete mannfolk som prøver å finne seg til rette i det postsovjetiske Ukraina. «Menn må fra barnsben av venne seg til dårlig litteratur, siden det er den som lærer dem å bli ekte mannfolk», heiter det i forteljinga om Foma, og «ekte mannfolk» med æreskjensle og med vilje til å forsvare sitt revir, er det mange av, skildra med glimt i auget og med ei overberande forståing av den livssituasjonen dei er i som arbeidslause eller involverte i snusk og bedrag, sånt som gir spenning og ei kjensle av å meistre livet: «Vi kan bare elske og ta livet som det er. Det vil si uutholdelig utrolig. Det vil si utrolig uutholdelig.»
Samtidig er romanen ei kjærleikserklæring til byen Kharkiv med sine feil og manglar, likevel ein heim skildra med poesi og rike bilde: «Jeg må tilbake til byen som venter på meg, byen som ligger der mellom elvene, på høydene, åpen mot himmelen, overstrødd med blå snø.» I andre del, «Presiseringer og generaliseringer», glir teksten over i poesi og lause og direkte referansar til første del: «Alltid kommer jeg tilbake til disse høydene,/ til disse portene, hvor det står tollere og voktere.»
Post-Sovjetunionen
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.