For høgt tempo, for låg temperaturNår Ibsen blir skamklipt, kan han fort tape i kraft.Trøndelag Teater

Når Ibsen blir skamklipt, kan han fort tape i kraft.

Mari Hauge Einbu spelar Hilde Wangel med fantasi og klårsyn. Eindride Eidsvold er ein Halvard Solness med stålkontroll.
Mari Hauge Einbu spelar Hilde Wangel med fantasi og klårsyn. Eindride Eidsvold er ein Halvard Solness med stålkontroll.
Publisert

Byggmester Solness er nok eit av dei underlegaste og vanskelegaste Ibsen-stykka med tanke på sjanger. På den eine sida har det ei svært konkret og psykologisk rimeleg handling. Men samstundes flyt det mest umerkeleg over i ei overspent, svermerisk stemning, og vi må lure på om personane snakkar i metaforar eller på ramme alvor. Det krev ein ganske avansert balansegang å spele det overtydande.

Regissøren Johannes Holmen Dahl har gått inn for ein neddempa spelestil med mykje frontalt spel og få synlege kjensleutbrot. Her er det berre så vidt folk ser einannan i auga. Originalteksten er dessutan så pass skoren inn til beinet at ein må henge godt med for å følgje utviklinga i relasjonane. Det går til tider svært fort.

I kva grad får vi så fordøye historia om den middelaldrande karrieremannen som fryktar utkonkurrering av ungdomen og ungt talent? Skjøner vi kva som hender med han når ei ung kvinne dukkar opp i livet hans med dels lokkande, dels heilt irrasjonelle krav og forventningar til han? Tja...

Eindride Eidsvoll i tittelrolla verkar som ein mann med stålkontroll. Han spelar rolla med stram perfeksjonisme, men tvilen, uroa og angsten som rir denne mannen, kunne godt ha vore klårare. Likeins såg vi gjerne meir av fascinasjonen hans for unge Hilde. Det er faktisk ein føresetnad for det tragiske klimakset i handlinga, som elles er stemt ned i eit pianissimo denne gongen. Det einaste verkeleg kraftfulle vi får sjå av Solness sjølv, er scena der han gyv valdeleg laus på den unge rivalen sin, Ragnar Brovik. Men dette er så ulikt resten av fortolkinga at det blir utvendig.

Det som til gjengjeld friskar opp i framsyninga, er at dei unge og livsmotige i skodespelet får syne ein energi som kontrasterer resignasjonen hjå dei eldre. Det gjeld både Isak Holmen Sørensen som ein ung og glad doktor Herdal, Vetle Bergan som ein trassig Ragnar Brovik, og ikkje minst Mari Hauge Einbu som spelar Hilde Wangel med både trolsk fantasi og eit orakelaktig klårsyn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement