Teater
For høgt tempo, for låg temperatur
Når Ibsen blir skamklipt, kan han fort tape i kraft.
Eindride Eidsvold som byggmeister Solness og Mari Hauge Einbu som Hilde Wangel.
Foto: GT Nergaard
Byggmester Solness er eit av dei tyngste Ibsen-stykka i sin sjanger. Ei konkret og psykologisk rimeleg handling flyt mest umerkeleg over i ei overspent, svermerisk stemning.
Denne gongen har regissøren gått inn for ein neddempa spelestil med mykje frontalt spel og få synlege kjensleutbrot. Originalteksten er dessutan såpass nedskoren at ein må henge godt med for å følgje utviklinga i relasjonane.
Skjøner vi karrieremannen som fryktar å bli utkonkurrert av ungdomen? Skjøner vi kva det er når ei ung kvinne dukkar opp med dels lokkande, dels heilt irrasjonelle forventningar til han?
Eindride Eidsvolls Solness er ein mann med stålkontroll. Han speler rolla med perfeksjonisme, men tvilen og uroa kunne godt vore klårare, likeins fascinasjonen for unge Hilde. Det er faktisk ein føresetnad for det tragiske klimakset, som elles er stemt ned i eit pianissimo denne gongen. Det einaste kraftfulle vi får sjå av Solness sjølv, er scena der han gyv laus på den unge rivalen sin. Men dette er så ulikt heilskapen at det blir utvendig.
Dei unge i skodespelet får derimot syne ein energi som kontrasterer resignasjonen hjå dei eldre. Det gjeld både Isak Holmen Sørensen som ein ung og glad doktor Herdal, Vetle Bergan som ein trassig Ragnar Brovik og ikkje minst Mari Hauge Einbu som spelar Hilde Wangel med trolsk fantasi.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.