For fort i svinganePersonbreva gjev godt innblikk i tilhøva i 1700- og 1800-talssamfunnet, men korrekturen har gått for fort.
Personbreva gjev godt innblikk i tilhøva i 1700- og 1800-talssamfunnet, men korrekturen har gått for fort.
Breva er skrivne i tidsrommet 1772 til 1854.
Illustrasjon frå boka
Nasjonalbiblioteket har nå utgitt andre bindet i serien Fortidens stemmer, med (stort sett) hittil upubliserte brev frå bibliotekets store brevmateriale. Dette nye praktbindet med 22 brev, også det rikt illustrert med detaljar frå breva, dekker ein periode på vel 70 år, frå ei augevitneskildring av den grufulle halshogginga av Johann Friedrich Struensee i Fælledparken i København i april 1772, til Camilla Colletts audmjuke bøn til den danske litteraten Johan Ludvig Heiberg om å lese eit utkast til Amtmandens Døttre i 1854.
Den nye boka har same struktur som første bind, men med andre redaktørar/forfattarar. Historikar og biograf Mona Ringvej har skrive eit kort forord. I ei interessant innleiing gjer forskingsbibliotekar ved Nasjonalmuseet, Audun Renolen Aasbø, greie for årsakene til at det vert skrive så mange privatbrev nett i denne perioden, som – som han seier – dekker ein menneskealder med svimlande omstillingar både politisk og sosialt. Han peikar for det første på at postgangen er blitt langt betre og billegare enn tidlegare, for det andre på at brevpapir nå blir masseprodusert, og for det tredje på at brevet er blitt eit uunnverleg bindemiddel både i den offentlege forvaltinga og i privatsfæren. Folk, det vil seie det veksande borgarskapet, skriv ei aukande mengd brev i denne perioden, for dei har betre råd og meir fritid enn før.
Ulike typar brev
Redaktørane har gjort ein innsats for å få med brev frå ukjende personar, trass i at grunnstammen i Handskriftsamlinga er brev frå kjende politikarar, forskarar, forfattarar og andre kunstnarar. I tillegg til mellom anna propagandaskriv, referat frå møte i Eidsvold-forsamlinga, gjennomgang av matematiske formlar i eit brev frå Nils Henrik Abel til den gamle matematikklæraren hans og oppmoding frå Hans Nielsen Hauge til følgjarane sine om å spytte i 100 spesidalar i ei kasse for at haugianarane kunne reise ein isenkramfabrikk, finn vi difor her òg private reisebrev frå Russland og Frankrike, takkebrev, bønebrev på rim og såkalla familiares: kjærleiksbrev og meir personlege brev til vener og familie.
I velskrivne, grundige presentasjonar av kvart brev gir Aasbø ei mengd nyttig informasjon både om brevskrivaren og mottakaren, og om omstende rundt breva som ikkje alle er så kjende lenger. Her finn ein både personalhistorie, sosialhistorie og Noregs-historie på eit større plan.
Modernisert språk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.