Film
Folkhemmet fell
Sosialt slitne svenskar skapar solid drama i stødig stil.
Filmen syner rå realisme, men er òg ei rørande forteljing om familieband.
Foto: Mer Filmdistribusjon
Kimmie (Ljungblad) ynskjer seg mest av alt ein lærlingplass på fabrikk i Västerås i lag med nabojenta Jonna. Det kan bli vanskeleg, for faren Rolle (Sällquist) skal sone ein dom og dopsalet hans treng vikar. Mora er ufør, og to yngre sysken ser til syttenårige Kimmie som einaste emosjonelt tilgjengelege vaksne. Ei klassisk historie ventar om valet mellom forbrytarfamilie og ei framtid i fredsæl fridom.
Svenske Peter Grönlund debuterte med den forrykande Flukten (Tjuvheder) for tre år sidan. Han held seg på skråplanet, men med Goliat tar han eit steg opp på rangstiden frå heimlause heroinistar. No møter vi dei som gøymer stoffet dei sel i skåpet på den nedlagte fabrikken, der dei pleidde ha ærleg arbeid. Filmskaparen driv med skiten realisme med vakre innskot. Industriplassar i breie haustlege tablå utan aktivitet har sin estetiske sjarm. Grönlund engasjerer med framstillinga av enkeltpersonar som freistar finne ei framtid i eit hardare svensk samfunn. Då gjengen drikk og syng «Borlängevisan», får vi kontekst. Det fanst eit Folkets hus der fagforeininga samla seg, og ho budde i ein Volvo.
Skodespelet til Joakim Sällquist som Rolle vitnar om at han sjølv er røynd som røvar. Eg er glad eg ikkje har narkogjeld til han. Openberringa Sebastian Ljungblad spelar òg steike sterkt og nyansert i si første rolle. Etter ein Guldbagge-nominasjon hamna han på flukt frå styresmaktene etter skuldingar om bedrageri. Ikkje rart spelet sit som eit skot. Ein trur på figurane, men morsrolla er mindre utvikla, tradisjonen tru.
Vegvalet er klassisk. Gutar som blir menn blei perfeksjonert av François Truffaut i 1959 med På vei mot livet (Les Quatre Cents Coups). Kriminell familie eller fridom kjenner alle frå Gudfaren. Sist såg dei vakne ein variant på kino i Noreg i fjor med A Ciambra av Jonas Carpignano, som var meir original enn Goliat. Den tradisjonelle historia har få uventa element, men økonomiske og sosiale strukturar rundt Norrköping skapar spesifikk brodd. Høge herrar har skulda. Sjølv om faren er ein katastrofal rollemodell, er han ikkje ein dum pappfigur driven med vonde føremål.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.