Film
Folkeopplysning for liberale
Aldri har BDSM sett koselegare ut i beste sendetid.
Alexander Skarsgård (t.v.) spelar dominant motorsykkelkjekkas i den britiske dramakomedien. Harry Melling spelar den sjenerte mannen som forelskar seg i han.
Foto: Mer Filmdistribusjon
Colin (Melling) syng i barbershop-kvartett med faren Pete (Hodge), bur med han og mora Peggy (Sharp), som er dødssjuk av kreft, og jobbar som parkeringsvakt i søvnige Bromley i England. Så møter han den barske, mystiske motorsyklisten Ray (Skarsgård), og søt BDSM-musikk oppstår.
Og så du slepp å gjera det same: Eg slo opp ordet pillion, som er engelsk for ekstrapassasjerputa bakpå motorsykkelen.
Coming-of-(bond)age
Du skal leita ei stund for å finna ein meir tafatt karakter enn Colin på starten av Pillion. Han er på date med ein fyr som mor hans har fiksa, bur på guterommet og er nøgd eller ikkje nøgd med livet som det er. Foreldra og familien dyttar på for at han skal koma seg ut og treffa nokon, men ingen såg for seg at han skulle ha draget på filmstjernepene Ray.
Men alt ser ikkje bra ut på overflata – kva er dette eigentleg for eit forhold? Ray er ikkje noko grei med Colin, og særleg mor, som veit ho har avgrensa tid att, mislikar sterkt å sjå for seg at sonen skal enda opp med ein slags konedengar og sjåvinist. For det er jo faktisk det han er.
Det ho ikkje kan forstå, er at Colin vil ha det sånn. Han vil sleika støvlane til Ray, han vil ligga på eit teppe på golvet om natta i staden for i senga med Ray, og han vil bli teken hardt bakfrå mens han blir skjelt ut. Ein kan jo på eit vis forstå mor.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.