Bok
Folkemusikkhistorie i biletform
Cecilie Authen fortener ros for at ho aktualiserer og viser fram foto frå folkemusikkhistoria.
Boka byd på mange bilete av spelande kvinner. Dette gruppeportrettet er truleg fotografert i Siljan i Telemark.
Foto frå boka: Ole Romsdalen / Telemark Museum
Bibliotekar Cecilie Authen har i ei årrekke arbeidd som fotoarkivar ved Telemark Museum. Ho har ein mastergrad i tradisjonskunst, har tidlegare studert musikk og komposisjon og er både utøvande fotograf og musikar av yrke. Serleg er ho kjend for jazzimproviseringar over kjende folketonar, noko som ho har gitt ut på kritikarroste CD-plater. Ho har også nyleg publisert forskingsartikkelen «Rikard Berge – dokumentasjon av folkemusikk gjennom fonograf og fotografi».
Rike røynsler som aktiv utstillar har dessutan Cecilie Authen også. Som komponist har ho bak seg partiturverka «Low Tide» og «Korsats Perfekt 4». Ein kan difor tala om ein mangesidug person som har fleire faglege innfallsvinklar til dei forskingsprosjekta ho tek for seg. No ligg det føre ein ny spanande presentasjon av den allsiduge kulturarbeidaren, bygd på masteroppgåva ho nyleg har avslutta.
Dokumentarisk innsyn
At historiske foto som har vore lagra i ulike private og offentlege arkiv rundt i landet, blir gjorde ålment tilgjengelege, har ein stor verdi for å vekke faginteresser, kunnskap og dokumentarisk innsyn i både miljø og soge om personar knytte til dette. Ofte er gamle foto mykje prega av ei viss oppstilling, noko som kom av at folk måtte halda seg nærmast i «frosen stilling» for at apparaturen skulle fungere til klåre resultat. Men fotografane tenkte også jamleg på god komposisjon i fotoa, noko som ein kan seia gav resultata ei målarisk framtoning. All ulik teknologi har sine fortrinn og avgrensingar som er medverkande element i kunst og handverk. Skarpe augneblinksbilete høyrer difor med til meir moderne mogelegheiter i fotofaget.
Når dette er sagt, er boka Norsk folkemusikk. Et fotohistorisk portrett mykje variert i høve utval av foto frå ulike fylke, av ulike folkemusikarar, av grupper, personar i samspelstilling og enkeltpersonar. Sympatisk er det også at det er ein rimeleg god balanse mellom bilete av kvinnelege og mannlege utøvarar og personar elles fotograferte. Sume av dei kvinnelege folkemusikarane som er med i boka, har eg aldri korkje høyrt om eller sett bilete av. Dette vekkjer interesse til å spørja og forska attende i tradisjonar rundt i landet. Det er difor sikkert overraskande for mange at atskilleg fleire damer har spela fele og andre folkemusikkinstrument her i landet enn kva som er ålment trudd og halde fram. Men, når det er sagt, tykkjer eg det er litt underleg at til dømes framståande kvinnelege felespelarar i Telemark, slike som Kristiane Lund, Signe Flatin Neset, Torbjørg Aas, Bergit Tjønn og fleire, er utegløymde når det finst så mange foto av damer med instrument, der ikkje namn finst. Eit motstykke er det da at langeleikspelaren Berit Pynten frå Valdres er representert på tre store foto.
God breidde
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.