Bok

Folkelivsskildring

Torvald Sund kjenner trøndersk folkelynne betre enn dei fleste.

Torvald Sund då tredje bandet i trilogien vart lansert.
Publisert Sist oppdatert

Torvald Sund er ein svært produktiv forfattar innanfor mange sjangrar. Best kjent er han nok for barnebøkene sine og for ei lang rekke av lokale spel og teaterstykke, men han har òg skrive fleire romanar, og i haust avsluttar han ein trilogi det har tatt 26 år å fullføre. Det starta med Seglet og dansen i 1999, følgd opp med Bøt nota, fang livet i 2016. No er han i mål med Berre ein kjærleik. Trilogien er gitt ut på trondheimsforlaget Communicatio.

I årets bok kan ein følgje ungjenta Inga Yttersia frå ei lita kystbygd på Fosen og hennar strev med å komme seg bort frå fattigdom og tronge kår. Den store draumen er å bli lærar, men det skal vise seg å bli vanskeleg når ho blir motarbeidd av mora Dordi og ein forhasta helsesjekk peiker mot tuberkulose. Ho må seie frå seg plassen på Levanger lærarskole og ta til takke med strøjobbar i heimbygda.

Arbeidsliv

Handlinga spenner frå mai 1939 til mai 1945. Under opptaksprøvene til lærarskolen trefte ho sin store kjærleik Edvard Himo frå Overhalla. Dei mistar kontakten, men held likevel saman i tjukt og tynt fram til dei endeleg treffest på nytt i mai 1945. Da er Inga internert i Falstad fangeleir, mistenkt for landssvik, mens Edvard har vore i dekning under heile krigen som grenselos og motstandsmann.

Torvald Sund skriv realistisk og detaljert om folkeliv og arbeidsliv for nokre generasjonar sidan; det vere seg om torvtaking eller sildefiske, omreisande emissærar eller bygdeoriginalar med treffande kallenamn som Hyskongen, Magasåret eller Leite-meg-sild. Det er ei sjarmerande forteljarglede hos Sund, og sjølv om han blir vel omstendeleg innimellom, er framstillinga krydra av både skjemt og alvor.

Flytande grenser

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement