Bok

Folk som ikkje får det til

Hilde Stålskjær Osen veit korleis folk tenkjer.

Hilde Stålskjær Osen er utdanna regissør ved dokumentarlinja på Den Danske Filmskole. No er ho aktuell med den andre bokutgjevinga si.
Hilde Stålskjær Osen er utdanna regissør ved dokumentarlinja på Den Danske Filmskole. No er ho aktuell med den andre bokutgjevinga si.
Publisert

Der det ikkje er mykje å skriva heim om, er det tidt mykje å skriva om, også utan å skriva det om. Motsett er slikt ein skriv heim om, ofte omsett til idyll, og dermed devaluert til emballasje.

I novellene til Hilde Stålskjær Osen møter me folk i kvardagen, oftast der dei ikkje har ei kjensle av å strekka til. Men lesaren kan no og då sjå at desse personane er sine eigne fiendar, dei er snille, dei vil berre gjera slikt som er godt, og når dei ikkje får det til, kjem det gjerne av eitkvart i dei sjølve.

I den første novella ligg perspektivet hjå ei ung kvinne som har gifta seg med ein nordmann i heimlandet hennar, eit land som ikkje liknar mykje på det Haust- og Vinter-Noreg ho deretter kjem til. Heimlengten veks med tida, det initiativet ho har til å gje staden ein sjanse, forvitrar fort, og tiltakslysta vert borte. Ingen har gjort ho noko, men ho likar seg, stoda og plassen mindre og mindre. Dette er ein gryande depresjon skildra frå innsida, og Osen syner her prov på det som også elles imponerer aller mest i denne boka: Ho forstår korleis folk tenkjer.

Noko på spel

Boka er fri for dramatiske effektar, men det står likevel ofte noko på spel, og det gjeld særleg relasjonar. Osen skriv frå ulike perspektiv, og gjer alt like godt, anten det er tankane til ei 12 år gamal jente me får ta del i, der ho ottast at foreldra planlegg skilsmål, eller observasjonane ein 43 år gamal mann gjer, og ser som teikn på at samlivet skrantar.

Det som desse og andre personar i boka har sams, er at dei er svært kjenslevare. Dessutan har dei fantasi til å lesa korrektur på røynda, som ei ung kvinne som er i Paris for første gong, like etter at ho vart dumpa av kjærasten. Osen skriv: «Hun tenker i korte glimt at alt kanskje bare er noe han har funnet på. At han ikke har blitt glad i en annen. Han kan ha sovet på den korte sofaen på kontoret i en hel uke bare for å lure henne. Han har kanskje avtalt alt med søstra og mora. Hvorfor skulle ellers søstra ha sagt at å reise til Paris var en god idé. Hvorfor skulle ellers mora bedt om et bilde frå Eiffeltårnet. Han venter på at hun skal komme dit. Han har sikkert kjøpt en stor bukett peoner. Han vil overraske henne med å fri akkurat der foreldrene hennes gifta seg.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement