Musikk

Fokusert

Vesle Rosendal ruvar i det norske festivallandskapet.

Baroniet frå 1665 er Rosendals kjennemerke.
Baroniet frå 1665 er Rosendals kjennemerke.

Når det gjeld festivalar, er større så visst ikkje alltid betre. Rosendal Kammermusikkfestival, som i år gjekk føre seg frå torsdag 7. juli til sundag 10. juli, er kort og intens. Langhelga baud på ti konsertar, i tillegg til konsertintroduksjonar og samtalar – alt på høgaste nivå, med nokre av verdas beste klassiske musikarar.

Kunstnarleg leiar er pianisten Leif Ove Andsnes, som starta det heile i 2016. Han er vel den norske musikaren som har best føresetnad for å handplukka kollegaer til prosjekta sine. Eit døme: Då den tyske cellisten Tanja Tetzlaff fekk korona, måtte han finna ei erstatning. Erstatninga bar ikkje preg av å vera noka naudløysing. Engelske Steven Isserlis, som er ein av vår tids absolutt beste cellistar, tok på kort varsel turen til Rosendal.

Fjordferd

Rosendal er ein liten tettstad med små spelestadar. Det er difor lurt å tinga overnatting og konsertbillettar i god tid. Tilreisande langvegsfrå dreg vanlegvis via Bergen. På Vågen eller Flesland stig ein om bord på «Hardanger­fjordekspressen» (katamaranen M/S «Rygerfonn»), som brukar knappe to timar til Rosendal. I godt vêr er denne fjordferda ei oppleving i seg sjølv.

Kammermusikk er klassiske verk for små ensemble. Musikken er av intim karakter og høver best på mindre spelestadar. Rosendals kjennemerke, baroniet frå 1665, eignar seg lite til konsertar. Festivalens to arenaar er difor Kvinnherad kyrkje, ei vakker steinkyrkje frå 1200-talet med god akustikk, og Riddersalen (som er eit fjollete namn på ein ombygd låve, men akustikken er edel).

Festivaltemaet i år var Beethoven. Programmet krinsa kring denne romantiske giganten, førebileta hans og slike som har hatt han som førebilete. Beethoven-inspirert norsk samtidsmusikk var difor også å høyra, som Ketil Hvoslefs (fødd 1939) Beethoven-fantasi og Beethoven Trio.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement