Musikk

Fødd på ny

Med berre flygel, ein bassist og ein sal av for det meste stille lyttarar spelar Nick Cave songane sine som om dei var nyfødde.

Nick Cave spelte tre konsertar i Grieghallen i førre veke.
Publisert

I Wim Wenders-filmen Der Himmel über Berlin (norsk åttitalstittel: Lidenskapens vinger) møter engelen Damiel, ein av himmelens Berlin-ansvarlege, ein trapesartist og får ny innsikt i kva dette menneskelege livet eigentleg er.

Det skjer samstundes som filmpublikum får møte Nick Cave. Saman med bandet The Bad Seeds får han gjere to songar i filmen, som ein konsert. Ein intens «From Her to Eternity» vert introdusert med at Cave tenkjer: «Eg skal ikkje fortelje om ei jente, eg skal ikkje fortelje om ei jente.» Så tek han mikrofonen og seier: «Eg skal fortelje om ei jente.»

Eg trur at det er omtrent der ein kan seie at reisa til Nick Cave som folkekjær artist startar. Det er noko med denne langhåra, mørkrøysta og alltid perfekt kledde, snart 70 år gamle rockaren som er vanskeleg å forstå, men lett å like.

Han gjekk frå å vere kjend for valdelege låtar, brutale konsertar og tjue år med heroinbruk, til å verte ein pianospelande skriftefar. Den einaste resten av ungdommens opprør er den frivole bruken av «fucking».

Demoversjonar live

I førre veke spelte han tre utselde solokonsertar i Grieghallen i Bergen. Eller nesten solo. Colin Greenwood, bassist i The Bad Seeds – men òg i Radiohead – er med i høgre flanke, medan Cave ruvar bak Steinway-flygelet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement