Bok

Flyvertinneblues

Globus er ein velskriven roman som imponerer med presise detaljar.

Sarah Smith Ogunbona har teke forfattarstudiet i Bø og Litterär gestaltning i Göteborg.
Sarah Smith Ogunbona har teke forfattarstudiet i Bø og Litterär gestaltning i Göteborg.
Publisert

Nokre forfattarar meiner at ein berre kan skriva godt om slikt ein veit noko om, medan andre tykkjer det er best å skriva om det ein ikkje kan. Bjørneboe hevda at båe synspunkt var riktige, og du skal radt sjå at det finst somme som trur båe er feil. Nokon fasit ligg ikkje føre, og godt er det. Såleis har det seg at medan sjakken i teorien kan ha fleire moglege parti enn det er atom i det observerbare universet, finst det fleire moglege romanar enn det er atom også i det universet som ikkje lèt seg observera. Dei fleste av desse partia og romanane er truleg heller dårlege, men debutromanen til Sarah Smith Ogunbona er heldigvis god, og det kan ha samanheng med at ho veit kva ho skriv om.

Romanen handlar om den unge kvinna Hazel. Ho har ei norsk mor som ikkje er så mykje til mor, og ein energisk nigeriansk far som meiner at Hazel og storesystera Cornelia bør tenkja meir på utdanning enn på pengar, men det er ikkje Hazel heilt samd i, så ho ser til å skaffa seg ein jobb som flyvertinne.

Utførleg

Ogunbona skriv utførleg om kvardagen til ei flyvertinne. Detaljane i arbeidet er skildra med slik presisjon at det vert kunst av det, just slik bruksrettleiinga til slåmaskina var stor poesi for Isak Sellanraa i Markens grøde av Hamsun, i alle høve slik Olav H. Hauge las boka. Romanen Globus har mindre av plott og utvikling enn det ein finn hjå Hamsun, men truverdet er minst like stort. Og sjølv om Ogunbona er aller best der ho registrerer heilt nøytralt, slik at romanen vert eit kunstverk der han ikkje prøver hardt på å vera det, er også kommentarane gode, og då særleg ved det dei ikkje seier direkte, som i denne passasjen tidleg i boka: «Mamma og pappa sluttet på et tidspunkt å være glad i hverandre, og jeg var mer glad i Cornelia enn hun var i meg. Det er vel sånn det er i en familie. Ingen er glad i alle, men alle er glad i noen. På den måten kan man si at jeg vokste opp omgitt av kjærlighet.»

Slik held det stadig fram for Hazel, ho har ikkje nokon kjærast og heller ikkje nemnande gir etter å skaffa seg ein slik. Dette høver godt med den nøkterne observasjonen av arbeidsoppgåver og anna i livet hennar, og dei vantande emosjonane er sjeldan sakna.

Utfordring

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement