Musikk
Flyttesjauen
Gaechinger Cantorey spelar to kantatar frå Bachs hektiske sommar i 1723.
Det tyske koret og barokkorkesteret Gaechinger Cantorey.
Foto: Martin Förster
Mennesket Johann Sebastian Bach (1685–1750) veit me heller lite om. Det meste lyt me tyda ut frå offentlege dokument, or arbeidskontraktar og avisnotisar. 4. juni 1723 skreiv til dømes ei Leipzig-avis: «Kring middagstider førre laurdag kom fire vogner med husgeråd frå Köthen hit som tilhøyrde den fyrstlege kapellmeisteren, han som er kalla til byen som kantor. Klokka 2 kom han sjølv med familien på to vogner og flytte inn i den nyrenoverte leilegheita i Thomasskulen.»
Gjenbruk
Med seg til byen og stillinga som skulle bli verande hans resten av livet, hadde den 38 år gamle Bach kona Anna Magdalena og fem ungar. Yngstejenta Christina Sophia Henrietta var berre nokre veker gamal.
Eigentleg var overgangen til «kommunal sektor» – kantorstillinga ved Thomaskyrkja i Leipzig – eit steg ned på karrierestigen. I Köthen hadde han jo vore hoffkapellmeister hjå ein fyrste. Men han tenkte truleg på sønene sine. Leipzig var universitetsby, og her kunne dei få den universitetsutdanninga han sjølv aldri fekk.
Velferdspermisjon var eit ukjent omgrep den gongen – Bach måtte kasta seg ut i den hektiske kvardagen med komponering, innstudering og framføring av éin ny kantate til kvar sun- og helgedag. Men dei fyrste vekene tok han nokre snarvegar: Han fann fram nokre av dei gamle kantatane sine og omarrangerte dei slik at dei høvde til den aktuelle sundagen. To slike «gjenbrukskantatar» frå den hektiske flyttesommaren 1723 er det Gaechinger Cantorey under leiing av Hans-Christoph Rademann her har spelt inn på CD.
Ulike affektar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.