Bok

Flytande og fasinerande

Eduardo Halfon prøver å fange i ord det som alltid glir unna.

Eduardo Halfon har skrive fleire bøker, men berre ei er førebels omsett til norsk.
Eduardo Halfon har skrive fleire bøker, men berre ei er førebels omsett til norsk.
Publisert

Guatemala er ein såkalla mellomamerikansk bananrepublikk, eller i nyare diplomati «a shithole country», infiltrert og kontrollert av USA gjennom CIA, United Fruit Company (i dag Chiquita), Coca Cola og tung militær støtte i den 20-årige borgarkrigen som herja landet frå 1970-åra fram til 1996.

Noko av dette bakteppet er inngåande skildra av Miguel Angel Asturias, som fekk Nobelprisen i 1967 for ein trilogi om kampen bananarbeidarane tok for å få eit verdig liv. Men utanom Asturias er Guatemala eit kvitt felt på det litterære kartet, kanskje med unntak for Popol Vuh, mayafolkets mytologiske framstilling av korleis verda blei skapt på godt og vondt, ein perifer parallell til vårt eige Voluspå.

Improvisasjon

Eduardo Halfon, som vart fødd i Guatemala i 1971, men flytta til USA ti år gammal, har kanskje ikkje så mykje med dette å gjere; han er for ung, samtidig som han også heile vegen refererer til ein jødisk bakgrunn gjennom ein bestefar som på mirakuløst vis overlevde både Sachsenhausen og Auschwitz, takk vere ein polsk boksar som kjente knepa som kunne redde liv.

Framstillinga er prega av improvisasjon, glidande overgangar, noko flytande, draumeaktig og grenselaust i skjeringa mellom fakta og fiksjon, der mange fasettar av sanninga blir spegla på fascinerande vis. «Det fins bestandig mer enn bare én sannhet», heiter det på s. 128, og vidare går tanken i retning av «et slags intellektuelt kryssord (…) hvor man forsøker å fylle de små, tomme firkantene som blander seg og flyter sammen og bruker hverandre, hvor ingen av svarene er mer eller mindre verdt enn alle de andre». Dermed blir det også eit spørsmål om den polske boksaren har eksistert anna enn i hovudet til bestefaren. Kanskje overlevde han som Kapo?

Episodisk

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement