Musikk
Flust av fiolinar
Reinhard Goebel er god på detaljar, men tempovala er stundom absurde.
Berliner Barock Solisten er sett saman av musikarar frå Berliner Philharmoniker.
Foto: Irène Zandel
Reinhard Goebel innrømmer gjerne sjølv at han er fanatikar. Som tjueåring grunnla han i 1973 Musica Antiqua Köln, eit tidlegmusikkensemble som sette nye standardar for korleis barokkmusikk kunne framførast. Den gongen var det berre «historisk korrekt» framføringsmåte som galt for han, med strykeinstrument med tarmstrenger, trakterte med spretten barokkboge.
Sjukdom førte til at han kring tusenårsskiftet måtte oppløysa ensemblet sitt. Ei kuvending i tilnærminga hans til barokkmusikken fylgde. Med same fanatiske energi som han tidlegare hadde forfekta bruken av historiske instrument, tok han no avstand frå dei og gjekk over til moderne orkesterinstrument. Devisa var denne: «Det er ikkje instrumenta, men musikarane som lagar musikken.»
Grundig instruert
På Goebels nyaste album, La Cremona. Concerti per 3 & 4 violini, dirigerer han Berliner Barock Solisten i italiensk 1700-talsmusikk. Dette ensemblet blei stifta i 1995 av musikarar frå Berliner Philharmoniker. Musikarane var barokkinteresserte, men ynskte ikkje å ta steget heilt ut og spela på barokke instrument. Høyrer ein så skilnaden? Altså at instrumenta på plata er moderne og ikkje «historisk korrekte» i høve til 1700-talsmusikken?
Eg høyrer det ikkje. Berre strykeinstrument er med (bortsett frå cembalo), og strykarane har openbert fått så grundig instruksjon i historisk framføringspraksis at det kling dønn barokt i mine øyro. Devisa som blei nemnd over, har altså noko føre seg.
Nøye innstudert
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.