Film
Fluktflettverk
Filmfilantropen frå USA løftar fram ulike roller knytte til flukt i kjenslesterkt drama.
Regissør Brandt Andersen står bak dramaet, inspirert av verkelege historier frå den syriske flyktningkrisa.
Foto: SF Norge
Amira (Al Massri) er lege i Aleppo tidleg i krigen i Syria. Då heimen blir bomba, lyt ho flykte. Mustafa (Mahayni) er soldat i den syriske hæren, med ordre om å slakte alle motstandarar. Marwan (Sy) er menneskesmuglar i den tyrkiske kystbyen Izmir.
Poeten Fathi (Bakri) og familien vil komme seg over sundet til Europa. Stavros (Markoulakis) er ein samvitsfull kaptein for den greske kystvakta på Lesbos. Spelefilmen I Was a Stranger flettar saman historiene til dei fem i kapittel med titlar frå yrka deira.
Stor produksjon
Debutantregissøren Brandt Andersen har yrket riking, kan ein seie. Amerikanaren har eigd basketlag, har vore såkalla ansvarleg produsent på fleire filmar og driv humanitært arbeid. Engasjement for flyktningar resulterte i kortfilmen Refugee (2019), som opna for denne spelefilmen med stort budsjett. Det heldt til ei imponerande rolleliste.
Ingen av karakterane får meir tid på lerretet enn ein litt lang kortfilm, men alle leverer med kraftfullt nærvær. Dei dramatiske rammene krev nærast at ein grensar mot melodrama, men skodespelet sit. Energiske Yasmine Al Massri, Ziad Bakri og Constantine Markoulakis får fram desperasjon i rollene sine. Yahya Mahayni er imponerande med ei kompleks rolle der soldatens lojalitet og samvit kolliderer, og få ord er mindre farleg enn fleire. Stjerna Omar Sy skil seg ut med å spele ein kynisk figur, men også smuglaren får fleire sider.
Delen som er fortald frå hans perspektiv, er kanskje den mest oversnakka og tydelege. Filmspråket er konvensjonelt og lett å følgje, sjølv om ein hoppar i tid og perspektiv. Det bikkar over i hollywoodsk patos til tider. Ein kjenner spenninga. Alt er velsmurt, profesjonelt og ser bra ut. Brandt Andersen skal ha honnør for å flette saman historier som har nok element til å bere nyansar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.