Teater

Flukt i universet

Sceneversjonen av Harry Martinsons dikt vert distansert teater.

Dei fire skodespelarane, f.v. Birgitte Larsen, Herman Bernhoft, Ellen Horn og Håkon Ramstad, har varme og nærvær.
Dei fire skodespelarane, f.v. Birgitte Larsen, Herman Bernhoft, Ellen Horn og Håkon Ramstad, har varme og nærvær.
Publisert

Det er mykje å hente i sjangeren science fiction, både av litteratur og film. Det er ein sjanger som framleis kjennest som ny, sjølv om det her alt er mange klassikarar. Kor bra denne sjangeren fungerer som teater, kan nok diskuterast. Torshovteaterets siste prosjekt, i ein rad av sci-fi-stykke, er ikkje eintydig overtydande i så måte. Det er Harry Martinsons diktsyklus Aniara frå 1954 som er utgangspunktet denne gongen. Tusenvis av menneske er i eit kjemperomskip på veg til Mars, bort frå jorda, som er øydelagd. Men romskipet kjem ut av bane og går inn i ein evigvarande romrute. Menneska er fanga i eit avgrensa område, på ei reise utan slutt.

Interaktiv dialog

Framsyninga har teke utgangspunkt i eit lite utval av dikta til Martinson. Stykket tek til med ei instruktiv kursinnleiing frå skodespelarane om kva vi skal få sjå, og i interaktiv dialog med publikum. Den uhøgtidelege innleiinga er ein god og truleg naudsynt startmotor, for det vi får etterpå, er surrealistisk, springande og ofte i distraherande kollisjon mellom det visuelle og det verbale. Scenerommet er dominert av ti store, svarte, kulerunde gassballongar som først struttar på golvet, og som etter kvart vert sende i taket. Det kan vel sjåast som eit bilete på det ukontrollerbare i det å vere vektlaus, som ein jo må bli i verdsrommet. I det heile er rommet, og også skodespelarane, kledde i ganske grelle svartkvittkontrastar.

Uforståelege effektar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement